På den gamle fergekaien på Talgje skal det bygges havbrukspark. Kart: GoogleMaps.

Kråkebollar, rognkjeks og hummar i ny havbrukspark

No startar arbeidet med Rogalands fyrste havbrukspark på den gamle ferjekaia på Talgje på Finnøy. Her skal det oppdrettast både hummar, rognkjeks og kråkebollar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rogaland Havbrukspark Eigedom (RHE), skal kjøpa arealet og leiga ut mellom anna til Ryfylke rensefisk ifølgje Øyposten. RHE ønskjer å driva utleige av eigedom til ulike havbruksaktivietar, deriblant Rogaland Havbrukspark, som tidlegare vart kalla Aqvapark.

- Det er avgjerande for vidare drift på Finnøy at me no får areal til bygging av egna lokalar, ikkje minst med tanke på utvikling av ein havbrukspark og fleire nye arbeidsplassar, seier Petter Aanonsen  dagleg leiar i Ryfylke rensefisk til avisa.

Rogaland havbrukspark skal primært jobba med etablering av nye innovative selskap innan nye marine artar. Arbeidet med oppdrett av kråkebollar inngår også i havbruksparken. I tillegg vil selskapet hummar-oppdrettarar etablerer seg på same stad.

Går alt planen blir det oppstart for Ryfylke rensefisk like over nyttår.