Andre ansatte: Johnny Kjæmpenes fra Værlandet har erfaring som linefisker, kveiteoppdretter, og lakseoppdretter, med utdannelse fra i Økonomi fra BI og fagbrev i akvakultur. Han har også erfaring fra nettverkene Norwell Group og Salmon Group der han har lang fartstid som forhandler av betydelige kontrakter.Arild Hagenes er fra Osterøy, og er utdannet som høyskolekandidat i akvakultur, og har jobbet i næringen siden 1982. Han har vært på merdkanten, på settefiskanlegg, stamfiskanlegg og i fôrindustrien. Foto: Havbrukspartner.

Startar opp eige konsulentverksemd

Dei tre kameratane Johnny Kjæmpenes, Arild Hagane og Øyvind Kråkås har starta opp eige konsulentverksemd for havbruksnæringa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Det nystarta selskapet Havbrukspartner skal vere ein støttespelar for aktørar i næringa som ynskjer å stø seg på eit fellesskap. Selskapet er nytt, men målsetnaden er den same me har jobba for i mange år; å halde fana høgt for mangfaldet i bransjen, seier dagleg leiar Øyvind Kråkås i ei pressemelding.

Til kyst.no fortel han at Havbrukspartner blir langt på veg eit konsulentselskap.

- Me skal bistå med hjelp i store og små saker. Det vert kundane sine behov som bestemmer.

Johnny Kjæmpenes, Arild Hagenes og Øyvind Kråkås har vore kollegaer i mange år, før dei bestemte seg for å starte eit selskap for eigen risiko.

- Me har gjort mange erfaringar rundt kva hjelp der er trong for ute i bedriftene, seier Johnny Kjæmpenes. Sjølv har han dei seinare åra jobba mykje med dei nye krava som kjem til arbeidsbåtar og mannskap.

- Der blir stadig fleire formelle krav til dei som skal drive i denne bransjen, vi vil vere til hjelp for å halde fylgje, legg han til.

Også Arild Hagenes har fylgt næringa frå tidene med prøving og feiling og fram til dagens komplekse regelverk. Han meiner ein ikkje kan ta heile børa av skuldrane til bedriftene, men at ein kan spele kvarandre gode gjennom å få på plass system og arbeidsmåtar.

- Havbrukspartner blir ein støttespelar. Me stiller opp der det er trong for ei ekstra hand, enten det er retta inn mot drifta eller meir samfunnsrelaterte oppgåver, fortel Kråkås. 

Verksemda starta drifta 2. mai, og reknar med å vere i god gang ganske fort.

- Dette er ting vi har jobba med i mange år no, sjølv om namnet er nytt, er hovuda innkøyrde. Me er klare for å vere til nytte for næringa.  Me høyrer frå mange som vil vite meir om selskapet, og har og fått ein del oppdrag allereie, fortel Kråkås til kyst.no.

Tre karar frå tre øyar på eitt lag

Ifølge informasjon fra Kråkås, kjem Arild Hagenes frå Osterøy, og er utdanna høgskulekandidat i akvakultur. Han har jobba i næringa sidan 1982, og i mellomtida har han vore på merdkanten, jobba på setjefiskanlegg, stamfiskanlegg og i fôrindustrien. Arild har kompetanse på fisk, fôr og forhandlingar, men fremst av alt er han ein mann av det mest omgjengelege slaget, som alltid kan sjå det moglege i det tilnærma fastlåste.

- Dette gjere han til ein stor ressurs for Havbrukspartner og våre kundar.

Johnny Kjæmpenes kjem frå Værlandet, og har levd heile sitt liv ved og av sjøen. Han har vore linefiskar, kveiteoppdrettar, lakseoppdrettar og fiskerirettleiar. Frå nettverka Norwell Group og Salmon Group har han ei lang fartstid som forhandlar av betydelege kontraktar, på same tid som han har ytt service i store og små saker for næringa. Johnny er utdanna diplomøkonom frå BI, og har fagbrev i akvakultur.

- Han er analytisk, metodisk og humoristisk. Med all sin kunnskap og personlege eigenskapar er han Havbrukspartner sin gullreserve.

Øyvind Kråkås kjem frå Solund, og er Havbrukspartner sin kommunikasjonsmann. Han har Mastergrad i Medievitskap frå Universitetet i Bergen, der han skreiv masteroppgåve om oppdrettslaks i norske media. Han har jobba i sju år for nettverket Salmon Group, der han sto for kommunikasjon internt og eksternt, samt politisk arbeid på vegne av dei lokaleigde havbrukarane. I tillegg til kommunikasjonsarbeidet er Øyvind administrativ leiar for Havbrukspartner.