Dei siste tiåra har det blitt langt færre laksar i Atlanterhavet. I tillegg legg dei mindre på seg på beitevandringane i havet. Illustrasjonsfoto av laks. Foto: Erling Svensen/ Havforskningsinstituttet

Mindre mat i magen på den ville laksen

Då forskarane ved HI dissekerte magesekkane til 2546 unglaksar frå ein 25-årsperiode, fann dei mindre og mindre innhald.

Publisert Sist oppdatert

I ein nyheitssak på Havforskingsinstituttet sine heimesider skriv dei at det dei siste tiåra har det blitt langt færre laksar i Atlanterhavet. I tillegg legg dei mindre på seg på beitevandringane i havet.

For å finne ut kvifor, har havforskarane analysert mageinnhaldet til 2546 unglaksar (postsmolt) fanga på forskingstokt i Norskehavet og Irskesjøen frå 1995 til 2019.

BMI-en har halde seg låg etter fallet

– I åra 2002–2012 ser vi eit tydeleg fall i laksane sin «BMI», eller kondisjonsfaktor, som det heiter for fisk. Den har ikkje stige igjen til gamle høgder, seier havforskar Kjell Rong Utne i saken.

– Parallelt ser vi at magesekkane hadde mindre innhald. Særleg var det mindre av fiskelarvar og amfipodar (tangloppe) – to store energibomber i kostholdet til laksen. I staden hadde laksane ete andre og mindre næringsrike dyreplanktonartar, forklarer han.

I toppåra 1997, 1998 og 2002 hadde mange av laksane opptil 90 prosent fiskelarvar i dietten sin. I botnåra 2009 og 2019 var dette på 20–30 prosent.

Da forskarane samanlikna perioden 1995–2004 med perioden 2008–2019 så dei at mengda dyreplankton i laksemagane var stabil, sjølv om dette varierer mellom år og kor laksen er fanga.

– Men mengda fiskelarvar i laksemagane var klart redusert i den andre perioden, både i Norskehavet og i havområda vest for Irland og Skottland, seier Utne.

Mindre arktisk vatn inn i Norskehavet er ein del av forklaringa

Laksane hadde altså funne mindre og kjipare mat. Sett under eitt har dette truleg påverka overlevinga til dei vesle fiskane som er i havet for første gong.

Kva var det som skjedde på starten av 2000-talet som gjorde at det blei mindre av godsakene?

– Forholda i havet endra seg. Det blei færre byttedyr tilgjengeleg for laksane. Vi ser at mengda kaldt og næringsrikt arktisk vatn som kjem inn i Norskehavet blei redusert samtidig som mengda mat i laksen sin magesekk ble redusert. Det har vore endringar i viktige havstraumar som gjer at det kjem mindre næring inn i beiteområda til laksen, forklarer Utne.

Nøkkelarten tobis kollapsa, makrellen breidde om seg

Men det kan være fleire årsaker til at laksen får redusert tilgang på mat. Overfiske kan også vere ein grunn. For eksempel blei tobis-bestanden i den nordlege Nordsjøen kraftig redusert på starten av 2000-talet, dels på grunn av for stort fiske. Den litle fisken er ein nøkkelart i heile økosystemet, godt likt av laks.

Auka konkurranse frå andre rovdyr kan vere ein annan grunn. Makrellbestanden har vakse kraftig dei siste åra. Utne si eiga forsking viser at konkurranse ikkje kan forklare nedgangen i mengda laks over fleire tiår.

– Men dei seinare åra har makrellen fått stadig nordlegare beiteområde. Det kan ha ført til større grad av overlapping mellom laks og makrell om sommaren, seier han.

– Så sjølv om det ikkje treng vere den utløysande årsaka, kan det ha bidrege til at lakse-BMI-en ikkje har henta seg inn igjen, fortset han.

- Forvaltninga kan kompensere for uår i havet

Forskarane slår fast at det naturlegvis ikkje er lett å gjere noko med tilgangen på byttedyr i Atlanterhavet.

– Men vi kan finne ut meir konkret korleis byttedyra påverkar kor mange laksar som vender tilbake til elvene. Då kan forvaltninga vere føre var i dårlege år, og sette inn avgrensingar i laksefisket ved kysten og i elvene, seier Kjell Rong Utne.

Referansar:

Utne, K. R., Pauli, B. D., Haugland, M., Jacobsen, J. A., Maoileidigh, N., Melle, W., ... & Wennevik, V. (2021). Poor feeding opportunities and reduced condition factor for salmon post-smolts in the Northeast Atlantic Ocean. ICES Journal of Marine Science, 78(8), 2844-2857. Lenke: https://doi.org/10.1093/icesjms/fsab163

Utne, K., Skagseth, O., Wennevik, V., Broms, C. T., Melle, W., & Thorstad, E. B. Impacts of a changing ecosystem on the feeding and feeding conditions for Atlantic salmon during the first months at sea. Frontiers in Marine Science, 342. Lenke: Frontiers | Impacts of a changing ecosystem on the feeding and feeding conditions for Atlantic salmon during the first months at sea | Marine Science (frontiersin.org)