Sebastian Ludvigsen og Tormod Øverland fra NTNU Ålesund, vil effektivisere oppdrettsnæringa gjennom bedrifta Havtekk. Her er dei to avbilda på stand under fylkesmessa i Møre og Romsdal. Foto: HavTekk.

Suksess for ny oppfinning til havbruk

HavTekk vart kåra den beste studentbedrift under Fylkesmessen for studentbedrifter i Møre og Romsdal, og gjekk vidare til NM i studentbedrifter. - At me vant kan vel gjenspegla at me har truffe eit særs viktig tema og at me har lagt ned mykje arbeid inn mot bedrifta og forretningsplanen, seier dagleg leiar Sebastian Ludvigsen til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kyst.no har tidlegare snakka med HavTekk-grûndarane, som utviklar ei ny teneste for sortering av laks i matfiskanlegg, og det var nettopp denne oppfinninga som sende dei til finalen i studentbedrifters Norgesmeisterskap i Oslo den 8.-9. juni.

- Der satt den! HavTekk vann i klassen "Beste Studentbedrift". Då er me vidare til NM i studentbedrifter i Oslo 8.-9. juni, skriv daglig leder Sebastian Ludvigsen på selskapets Facebook-sider. Foto: HavTekk.

– Vår teneste vil gjere sorteringa på ei ny og skånsam måte, som differensierar seg frå dagens alternativ. Det vil vera ei passiv sortering og med detta vil ein ikkje skapa stress og slitasjeskadar hos fisken, samt at ein vil korta ned antall sultedøgn og produksjonstid betrakteleg, sa Sebastian Ludvigsen og Tormod Øverland til kyst.no i november i fjor.

 Les heile saka her: Utviklar ny teneste for sortering av laks i matfiskanlegg

Under fylkesmessa var sju studentbedrifter fra NTNU i Ålesund med i konkurransen, som vart arrangert av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal i samarbeid med NTNU i Ålesund.

I vurderinga har juryen gjort ei heilhetsvurdering av studentbedriftene. Bedriftenes forretningsplan vart vektlagt.  Det same vart intervjurunden og «Two minutes to convince», skriv Sunnmørsposten, som fyrst omtalde saka.

- Vinnaren har eit nytt konsept med høg innovasjonsgrad som kan bidra til vesentleg avkastning for investorar og eigarar. Dei har tileigna seg eit godt nettverk i bransjen, kjem det fram i juryens begrunnelse.

- Det kjennast veldig bra å gå vidare til NM. Detta bekrefta at me har jobba med eit relevant tema for den marine næringa som vekkar interesse hos aktørar som er opptatt av optimalisering og lønnsomheit, seier dagleg leiar Sebastian Ludvigsen i HavTekk til kyst.no.

Han fortel det var ein hard konkurranse på fylkesmessa, og det vart sagt at nivået var høgare enn nokon gang.

- At me vant kan vel gjenspegla at me har truffe eit særs viktig tema og at me har lagt ned mykje arbeid inn mot bedrifta og forretningsplanen. Detta gjer oss ein motivasjon til å oppretthalda arbeidsinnsatsen og om kort tid etablera oss som HavTekk AS. For tida utforskar me og kartlegger ulike støtteordningar som kan hjelpa oss vidare på vegen mot kommersialisering, opplyser Ludvigsen.

Når det gjeld tilbakemeldingar på produktet har studentbedrifta motteke mykje ros og oppmuntring.

- Me har fått tilbakemeldingar på at me har ein godt gjennomtenkt forretningsplan og eit produkt med høg innovasjonsgrad som løysar fleire reelle problemstillingar i næringa.

Sebastian B. Ludvigsen riggar orteringseinheita i merda. Foto: HavTekk.

- Korleis har arbeidet med prototypen i sjøen gått?

- Arbeidet og forsøka med prototypen i sjøen har gått bra, me har fått god hjelp og tilgong på lokalitet gjennom Salmar og Rauma Stamfisk. Me har gjennom dette kartlagt korleis og i kor stor grad fisken påverkast av dei parametra og utstyret me nyttar. Moglegheitene visar at me kan realisera HavTekk, der me kan vidareutviklar og effektiviserar prosessen, seier Ludvigsen.

Noko resultat vil dei enda ikkje gå ut med.

- Me er no midt inne i ein patenteringsfase og difor er denne informasjonen konfidensiell. Me har opplevd stor interesse frå næringa som forstår moglegheitene i utvikling og bruk av teknologien, konkluderar Ludvigsen.