Søstrene Silje (11) og Maria (13) Halvorsen trengte tre forsøk og litt hjelp av Øystein Hellesøy for å få knust flaska mot skutesida, men til slutt vart «Taresund» grundig dusja i champagne. Jentene er er dei yngste gudmødrene som nokongong har døypt ein båt bygt ved Hellesøy Verft. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda Lokalavis.

Hellesøy Verft leverer taretråler til FMC – har opsjon på tre til

Hellesøy Verft døypte nyleg taretrålaren "Taresund" som dei har bygd for FMC. – Vi kallar fartøyet for ein liten gigant, seier verftsleiar Øystein Hellesøy, som håper at dei får bygge ytterlegere tre fartøy til same oppdragsgjevar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Øystein Hellesøy fortel kyst.no/skipsrevyen.no at oppdragsgjevar FMC innen tre månader skal bestemme seg for om dei skal bygge fleire fartøy i same serien.

– Vi har opsjon på ytterlegare tre fartøy av same design som «Taresund», og denne avgjersla vil bli teken iløpet av kort tid, seier han, og legg til at dei går spanande tider i møte.

Taretråleren Taresund. Illustrasjon: Solstrand Trading.

Det er Solstrand Trading AS som har levert designet på «Taresund». Skroget vart bygd i Tyrkia og levert til verftet i Sunnhordland i mars i år. Fram til no har verftet jobba med utrustinga.

– Me skal testa han litt denne veke og neste, før me overleverer han til FMC, seier Øystein Hellesøy til Skipsrevyen.

Avansert fartøy

Øystein Hellesøy kallar «Taresund» ein liten gigant. Han forklarer at fartøyet er komplekst og har ein stor og samansett utstyrpakke ombord.

– Dei høge og omfattande spesifikasjonskrava frå oppdragsgjevar er krevjande når ein samstundes har å gjere med ein realtivt liten båt, seier Hellesøy.

Han meiner at oppdraget har vore spanande for verftet, og at Solstrand har levert design på det som han karakteriserer som eit avansert fartøy.

Namnefest på skipsverftet

Båten vart døypt på høgtidleg vis onsdag i førre veke. Dette inkluderte sjølvsagt knusing av champagneflaske i skutesida, av søstrene Maria (13) og Silje Halvorsen (11).

Dåp av fartøyet Taresund bygt ved Hellesøy Verft. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda Lokalavis.

Det var lokalavisa Grenda (papirutgåve) som fyrst omtala dåpen.

Dei to gudmødrene er døtrer av Tore Arthur Halvorsen, som er dagleg leiar for byggherren, FMC Biofarm.

Til lokalavisa Grenda, sa Halvorsen at han var veldig nøgd med å få ein heilt ny båt inn i flåten deira.

Verftleiar Øystein Hellesøy fortel kyst.no/skipsrevyen.no at dåpen gjekk storvegs.

– Det var eit godt oppmøte fra både publikum og bunadskledde tilsette i både verft og FMC. Alt i alt, var det ein vellukka dag, der dei som ynska fekk koma ombord i båten, seier han nøgd.

Hoveddata:

  • Verft: Hellesøy Verft AS
  • Rederi: FMC
  • Bygg nr.: 153
  • Lengde: 17,2 m
  • Bredde: 8,9 m
  • Lastekapasitet: 237 kubikk