- Målet vårt er å få ned kostnaden i forbindelse med lus, samt så langt som råd verta uavhengige av kjemiske lusemiddel, påpeikar driftsdirektør i Alsaker Hans Helge Vik.

Investerar 60 millionar for å bli kvitt lusa

Alsaker konsernet investerer 60 millionar kroner på luseplattform. - Spyling og børsting av fisk er teknikken for å bli bukt med lakselusa, seier Hans Helge Vik, driftsdirektør i Alsaker Fjordbruk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet har sidan august arbeida med eit pionerprosjekt, der dei har fått spesialaga ei plattform som skal få ned lusepresset til Alsaker lokalitetane i Hordaland og Rogaland.

Lektaren Riga på Fjelberg. Foto: Hans Helge Vik.

Lektaren «Riga» vart kjøpt brukt i Polen og deretter ombygd, før selskapet fekk den frakta til Noreg. I august var behandlingsplattforma mot lus på plass i Fjelberg i Kvinnherad Kommune, der selskapet no testar ut nysatsinga til selskapet.

Spylar vekk lusa

- Plattforma fekk sin fyrste test fredag i veke 50, då på Lokaliten Dyrnes ved Borgundøy. Avlusinga såg tilfredstillande ut og fisken såg ut til tåla behandlinga svært godt. Me kjørte omlag 50 tonn fisk gjennom systemet, fortel han.

Les også: Onarheim Bruk satser for fullt på rognkjeks

Alsaker konsernet har investert heile 60 millionar kroner for lakselusplattforma, som er utvikla av Alsaker Fjordbruk i godt samarbeid med Skamik, Stranda Prolog og Sterner. Arbeidet med montering av utstyr i Noreg, er utført ved Halsnøy Dokk på Halsnøy i Kvinnherad Kommune.

Er heilt unik

Saman med reinsefisk er det desse to ikkje-medikamentelle metodane Alsaker no investerar i.

Ove Gjerde, samfunnskontakt i Alsaker Fjordbruk fortel til kyst.no at luseplattforma er heilt unik, og kan brukast til fleire behandlingsmetodar mot parasitten.

Les også: Alsaker-leder omkom i bilulykke

- Den kan huse både lusespylar, thermolicer og andre lusebehandlinger. Etter behov kan du i teorien bytte behandlingsmetodar, alt etter kva slags lusebehandling du ynskjer å ta i bruk på lokalitetane. Den har ein stor kapasitet, fortel Gjerde til kyst.no.

Hans Helge Vik. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Den teoretiske behandlings plattforma tar 200 tonn fisk per time med lusespylaren, som Alsaker fyrst og fremst satsar på.

- Målet vårt er å få ned kostnaden i forbindelse med lus, samt så langt aom råd verta uavhengige av kjemiske lusemiddel, påpeiker Vik.

Bedrifta samarbeidar med Fomas sine veterinærar under behandlingane.

Lektaren skal driftast av Fjordbruk Service, som er eit dotterselskap i Alsaker konsernet. Lekteren får eit mannskap på tre, som også skal drifte ein følgjebåt.

- Spyling og børsting av fisk er teknikken for å bli bukt med lakselusa. Fram til jul skal me testa denne reinsemåten i områda rundt Fjelberg. Ein metode heilt utan bruk av kjemikaliar, opplysar Vik til kyst.no.

Montert hjelpekranar

Lekteren er 40 meter lang, 20 meter brei. Den har eit 1000 kilowatt aggregat, med to Skamik spylarar.

Blant noko av utstyret som er montert er det store spylevatnpumper som hjelp til med å transportera fisken attende til nøtene. Det er også fiskapumpe med 4 store vakuumtankar på 9200 liter, levert av Stranda Prolog.

Les også: – Ingen tvil om at Alsaker satsar på rognkjeks

Vik seier det er montert tre store hjelpekranar med ein løftekapasitet på 60 t/m.

- Plattforma er lett å buksere på lokaliteten, den har 4 sidetrhustere, 4 fortøyningsvinsjer samt 8 kapstanar som kan brukes i den samanheng. Ikkje minst har lektaren eit Sterner lusefilter som har ein filterduk som samlar opp lus og luseegg, seier Vik.

Vik seier plattforma skal brukast i fylka Hordaland og Rogaland.

- Dersom me har kapasitet til det, vil me på sikt vurdere å leige den ut. Men me må fyrst bli flinke til å behandle med den, konkluderar Vik.