– Me aukar kapasiteten på vogntoga våre for sesongen. Derfor har eg har bestilt eit nytt vogntog som kjem på veiane snart, det er ikkje så veldig langt vekke, seier sjef Jarle Tveiten. Foto: Jarle Tveiten Transport

Jarle Tveiten utvidar med ny investering

- Transportsituasjonen er rolegare no enn tidlegare, men me køyrer fisk kvar veke, fortel Jarle Tveiten i transportselskapet med same navn.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Firmaet Jarle Tveiten Transport driv med landevegs-transport av levande fisk. Dagleg leiar Jarle Tveiten har vore i bransjen sidan 1987.

- Dei siste åra har og transport av leppefisk/reinsefisk vore eit viktig satsingsområde. Leppefisken vert meir og meir brukt for å halde nede lakselus-presset, seier Tveiten.

Om vinteren fraktar Tveiten Transport stort sett leppefisk/reinsefisk for oppdrettarane. foto: Jarle Tveiten Transport. 

Han har fleire arbeidarar på ferie for tida, men køyrer fisk kvar veke.

Les også: Stor mangel på bilar for transport av levande fisk

- Me køyrer for det meste rognkjeks i disse dagar. Om vinteren er det mindre å gjere enn om sommaren, då det er særs travelt. Men me er ikkje på nokon måte arbeidslause. Sidan fleire er på ferie vert det meir køyring på dei andre sjåførane mine, seier han til kyst.no.

Investerar i nytt vogntog

Den gode driven i næringa gjer at Tveiten no rustar seg for framtida.

- Me aukar kapasiteten på vogntoga våre for sesongen. Derfor har eg har bestilt eit nytt vogntog som kjem på veiane snart. Det er ikkje så veldig langt vekke, seier Tveiten.

Transportsjefen seier han investerar og satsar på eit nytt vogntog i fyrste omgang, men ser ikkje vekk i frå at det kjem fleire. 

Les også: Samarbeider om nytt transportsystem for levendefisk

Tveiten ser no fram til fyrste april då fraktinga av smolt startar opp for alvor.

- Smolttransporten tar av i april, avsluttar han med eit flir.