Jarle Tveiten Transport. Foto: Jarle Tveiten Transport/Facebook.

Godt resultat på tross av fleire utfordringar

Jarle Tveiten Transport AS auka omsetninga med omlag 4,7 millionar kroner i 2016, men gikk ned hundre tusen i driftsresultat. Driftssjef Tor Helge Eiken fortel dei er nøgd med resultata, men påpeiker at dei likevel står ovenfor store utfordringar når det gjeld kostnadar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det Hardanger-baserte transportselskapet Jarle Tveiten Transport AS i Tørvikbygd kan visa til ein solid omsetningvekst i 2016. Selskapet omsatte i fjor for cirka 20,7 millionar kroner, som er ei auke på rundt 4,7 millionar frå året før. Driftsresultatet til selskapet har derimot ein nedgang på vel hundre tusen kroner.

Driftssjef Tor Helge Eiken i selskapet fortel kyst.no at dei er nøgd med fjorårsresultata, men står ovanfor krevjande kostnadar.

Nøkkeltall for Jarle Tveiten Transport 2016.

- Transport av levande fisk har kraftige utfordringar. Me erfarer mellom anna svært rigide køyre- og kviletidsbestemmelsar. Jarle Tveiten Transport AS kjempar ein hard kamp for å få tilpassa statlege rammebestemmelsar (for biltransport) til krava for god fiskevelferd, og den geografien me lyt forhalda oss til, fortel han.

Eiken seier dei førebels ikkje når fram.

- Dette gjer oss store utfordringar og ein utfordrande kabal å leggja med henhald til bemanning, seier han.

Vil auke antal køyretøy

Fyrste del av 2017, fortel han likevel ser bra ut.

- Me planlegg å auka tal køyretøy, og vil utvikla enda betre tankanlegg og anna teknisk utstyr. Me skal til ei kvar tid liggja fremst på kompetanse og tekniske løysingar. Til glede og nytte for fiskevelferd, og kundane i dag og i framtida.

Driftssjef Tor Helge Eiken fortel dei er nøgd med resultatet i 2016, men påpeiker at dei møter på stadig fleire utfordringar med transport av levande fisk. Foto: privat.

Auka krav

Han tykkjer nye køyretøy og utvikling av framtida sine tankanlegg/tekniske løysingar stiller store krav til økonomien.

Driftssjefen fortel dei også innan drift/leiing/dokumentasjon/HMS/kvalitetsstyring med meir står ovanfor auka krav til profesjonalisering (og kostnader).

- Dette har resultert i tilsetjing av meg som driftssjef i selskapet mellom anna. Tilsetjinga har gitt gode resultat.  Mellom anna har me nyleg gått igjennom revisjonar ved «Global GAP», «Arbeidstilsyn» og «Statens Vegvesen», utan merknader. Det er bra, fortel han.

Les fleire sakar om selskapet:

Om selskapet: 

  • Jarle Tveiten Transport AS vart etablert i 1987, og har spesialisert seg på landevegstransport av levende fisk, både innanlands og utanlands.
  • Selskapet har 11 tilsette.
  • Dei har erfaring med laks, aure, røye, kveite, piggvar, torsk og leppefisk.
  • Selskapet er 100 % eid av Jarle Tveiten, og han har sidan start vore delaktig i drift og utvikling av selskapet.