Til vårt anlegg på Bømlo søker me driftsleiar
Søknadsfrist: 15.01.2023
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Me står no framfor ein kraftig oppbygging av biomassen og skal i markanden med 2 000 tonn kveite innan 2027. Dette vil krevja fleire konsesjonar og lokalitetar og ikkje minst dyktige kollegaer som kan ta hand om dei utfordringar som kjem.
Oppdrett av kveite er ikkje heilt rett fram enno og det er mange “kodar” som må knekkast. Me vil ha vidare fokus på utvikling ig innavsjon og det vil bli månge spanade arbeidsoppgåver for dei som ynskjer det.
Me kan tilby mykje frisk luft, og ikkje to dagar som er like, kjekke folk (da må du vera og!), løn etter avtale og ordna forhold.
Du er ein som evnar å ha omsorg for fisken vår, har gode haldningar til det å vere i arbeid, syns HMS er ein naturleg del av kvardagen, likar endringar, er omgjengeleg og har godt humør.
Sjå elles nedanfor for meir detaljar.
Ansvarsområder:
- Operativ produksjonsleiing
- IK/QA system
- Aktivitetsplanlegging, - ledelse og rapportering
- Delta i utviklingsaktiviteter
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Utdanning innan akvakultur eller tekniske fag. (lang relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse)
- Teknisk og biologisk innsikt
- Leiarerfaring
- Løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Strukturert og ryddig
Me kan tilby ein interessant jobb med meget gode betingelsar for den rettes kandidaten.
Om arbeidsgiveren
Tubilah AS er eit selskap som produserer kveite for krevjande kundar både til inn- og utland. Selskapet har utvikla ny teknologi for produksjon av kveite i lukka anlegg. I 2022 kjøpte me opp Sogn Aqua, eit stort landbasert tilvekstanlegg som ligg i Ortnevik i Sogn. Investeringa vil gjera oss i stand til å komma raskare opp i større produksjon.