Til vårt anlegg på Bømlo søker me driftsoperatørar i 12/9 rotasjon
Søknadsfrist: 15.01.2023
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Me står no framfor ei kraftig oppbygging av biomassen og skal i markanden med 2 000 tonn kveite innan 2027. Dette vil krevja fleire konsesjonar og lokalitetar og ikkje minst dyktige kollegaer som kan ta hand om dei utfordringar som kjem.
Oppdrett av kveite er ikkje heilt rett fram enno og det er mange "kodar" som må knekkast. Me vil ha vidare fokus på utvikling og innovasjon og det vil bli mange spanande arbeidsoppgåver for dei som ynskjer det.
Me kan tilby mykje frisk luft, og ikkje to dagar som er like, kjekke folk (det må du vera og!), løn etter avtale og ordna forhold.
Du er ein som evnar å ha omsorg for fisken vår, har gode haldningar til det å vera i arbeid, synast HMS er ein naturleg del av kvardagen, likar endringar, er omgjengeleg og har godt humør.
Sjå elles nedanfor for meir detaljar.
Arbeidsoppgaver:
- Dagleg drift av anlegget
- Operasjonelle oppgåver som sortering, flytting og levering av fisk.
- Vedlikehald på anlegg og utstyr
- Delta i utviklingsaktiviteter
Ynskjelege kvalifikasjonar, ein eller fleire
- Utdanning innan akvakultur eller tekniske fag er ønskjeleg men ikkje eit krav
- Relevant erfaring kan kompensere for formell kompetanse
- Teknisk og/eller biologisk interesse
- D6 og kransertifikat, ikkje eit krav
- Løysingsorientert og samarbeidsvillig
- Strukturert og ryddig
Det er eit krav at kandidatar beherskar nordisk språk på ein god måte.
Me kan tilby ein interessant jobb med svært gode vilkår for dei rette kandidatane.
Om arbeidsgiveren
Tubilah AS er eit selskap som produserer kveite for krevjande kundar både til inn- og utland. Selskapet har utvikla ny teknologi for produksjon av kveite i lukka anlegg. I 2022 kjøpte me opp Sogn Aqua, eit stort landbasert tilvekstanlegg som ligg i Ortnevik i Sogn. Investeringa vil gjera oss i stand til å komma raskare opp i større produksjon.