Frå aggregatinstallasjon på flåte på Valøyan

Kostnadene med aggregat kan enkelt reduseres

Skreddarsyr du ein aggregatpakke med tilhøyrande synkronisering vil du redusere driftskostnadane for ein forflåte frå første dag. Når ein motor som køyrer på tomgang store deler av døgnet blir justert til å gå med optimal last, blir den glad og vesentleg meir miljøvenleg.  

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Østerbø Maskin AS har lang erfaring med å levere strømaggregat som straumforsyning og reservekraft til oppdrettsnæringa. Gjennom 40 år har Østerbø innsikt i mange fallgruver og veit kva ein må ta hensyn til når ein skal bestille eller oppgradere straumforsyningsløysinga til ein forflåte.

Ikkje dimensjoner kun for toppane 

- Strømforbruket på ein forflåte har stor variasjon gjennom døgnet. Med toppar på dagtid og mindre forbruk på natt og i kuldeperiodar der fisken et mindre. Det vanlege er å dimensjonere for det høgste forbruket, mens periodar med lite forbruk blir litt oversett. Dette gir mange løysingar rundt om som til vanleg nyttar berre 15-20% av effekten. Med gode grep basert på lang erfaring kan vi sikre at løysinga tek høgde for dette variable forbruket, seier Arve Søreide, salssjef hos Østerbø Maskin AS.

Delar av aggregat-teamet på Østerbø: fv Arve Søreide, Magne Halland og Åge Østerbø.

Sikre optimal last for motor

- Eit aggregat består av motor, generator og styresystem. Ein vanleg motor er ikkje designa for å gå under 60% last. Enkelt fortalt så vil den ikkje oppnå god forbrenning dersom lasten blir for låg og dette slit på utstyret og aukar dieselforbruket pr kwh. Med tida vil du kunne få plager som oljelekkasje og det kan bli tungstarta, fortset Søreide.

Litande løysing med fleire aggregat i synk

For optimal drift er løysinga å installere fleire aggregat i ulike størrelsar som går synkronisert.

- Slik kan dei veksle seg i mellom og alltid levere det behovet som forflåten etterspør. Det heile går sømløst utan ”blink i lysa” på flåten. Når energibehovet er høgt vil alle aggregata levere straum. Er behovet middels, er det kun eitt som går og når behovet er på eit minimum så er det kun det minste som leverer. Slik sikrar du at utstyret får forlenga levetid og reduserte servicekostnader.

- På Østerbø utfordrar vi derfor kundane våre slik at dei får ei skreddarsydd litande løysing som passar akkurat deira behov. Slik sikrar vi reduserte driftskostnader og miljøutslepp for kunden, avsluttar Søreide.