Foto fra Lerøy Austevoll.

Mening:

Sterkt uroa over nytt nedtrekk i PO3

Sunnhordlandsrådet IPR, som representerer kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad,  Stord, Sveio og Tysnes, reagerer med sterk uro på at Produksjonsområde 3 (PO3), området frå Karmøy til  Øygarden, får redusert produksjonskapasitet grunna raudt lys i trafikklyssystemet for havbruk. Avgjerda  inneber ytterlegare reduksjon i produksjonskapasiteten i eit område som allereie har opplevd  betydelege nedtrekk dei siste åra. 

For Sunnhordland er havbruksnæringa ein av dei viktigaste næringane vi har. Verdiskapinga frå havbruk  gir arbeidsplassar, skatteinntekter og aktivitet i lokalsamfunn langs heile kysten. Konsekvensane av nye  nedtrekk stansar ikkje ved oppdrettsanlegga, men gjeld også foredling, transport, leverandørbedrifter og  andre verksemder som er avhengige av næringa. 

Sunnhordlandsrådet ser kor viktig det er for næringa og kysten vår at havbruket er berekraftig og det  vert gjort nødvendige tiltak for å verne villaks og sjøaure. Samstundes meiner vi at verkemidla må vere  forholdsmessige og byggje på eit best mogleg kunnskapsgrunnlag. Det er brei semje om at dagens  trafikklyssystem ikkje fungerer, og vi meiner at evalueringa av systemet bør nyttast til å forbetre  avgjerdsgrunnlaget før nye omfattande nedtrekk blir gjennomførte. 

Vi registrerer også at vekstkapasitet samtidig blir tildelt andre delar av landet, medan Vestlandet  opplever ytterlegare reduksjonar. Dette reiser spørsmål om korleis konsekvensane for kystsamfunn,  arbeidsplassar og regional verdiskaping blir vektlagde i dei samla vurderingane. 

Sunnhordlandsrådet vil oppmode regjeringa om å sikre større openheit om kunnskapsgrunnlaget for  avgjerdene, og om å ha ein tett dialog med kommunane og næringa om tiltak som både gir  miljøforbetringar og tek vare på berekraftige lokalsamfunn langs kysten. 

– Vi er opptekne av å nå miljømåla, men vi må også sikre at tiltaka er treffsikre og at konsekvensane for  lokalsamfunn og arbeidsplassar blir vurderte på ein heilskapleg måte. Havbruksnæringa er avgjerande  for framtidig verdiskaping og busetjing i Sunnhordland, seier Sunnhordlandsrådet. 

Sunnhordland, 24. juni 2026 

Bente Kari S. Taranger Mette Heidi B. Ekrheim Vegard Bjørnevik André M. Haukås Ordførar Austevoll Ordførar Etne Ordførar Kvinnherad Ordførar Sveio 

Morten Helland Wenche Tislevoll Sigbjørn Framnes Synnøve Bakke Ordførar Bømlo Ordførar Fitjar Ordførar Stord Ordførar Tysnes.