Stamkveite hos Havforskingen på Austevoll. Illustrasjonsfoto: Magnus Petersen.

Forsterkar innsatsen for gjenfangst av rømd kveite

Tysdag rømde 50 tusen kveiter frå eit anlegg på Bømlo. Kun eit titals fisk er gjenfanga, og no skal havbotn kartleggast.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det var frå anlegget til Tubilah på lokalitet Folderøyholmen ved Bømlo at rømminga fant stad denne veka.

Leni Marie Lisæter fra Fiskeridirektoratet, sa kort tid etter hendinga at det er første gang dei har oppleve ei rømming av kveite i dette omfanget.

Les og: 50 000 kveiter rømt på Bømlo

- Det er sjelden det rømmer kveite. Det er få anlegg i landet. Vi kjenner ikkje til liknande hendingar, seier ho til kyst.no.

Rømde frå lukka anlegg

Rømmingshendinga er og særs spesiell då fisken rømde frå eit lukka anlegg.

Lisæter forklarar at rømminga skjedde grunna dårleg vær, som førte til at nokre rister i anlegget løsna.

- På lokaliteten er det eit Moster-stålanlegg. Oppi flytekragane er kveita plassert i tre renner av kompositt. I desse komposittrennene er det montert rister for vanngjennomstrømming, og desse har løsna i uværet, forklarar ho til kyst.no.

Jobbar med gjenfangst

Fisken som slapp unna hadde ei snittvekt på cirka halvanna kilo, og selskapet starta onsdag opp gjenfangst-fiske.

Då kveita lever på havbotn, må gjenfangst skje med botngarn, noko direktoratet har vist til kan vere utfordrande.

- Ein har gjenfangsta eit titals kveite så langt. Selskapet skal og hyre inn ROV for å ta video av botnen under anlegget, informerar Lisæter.