Minner frå tidleg 1970-tal då John Simonsen blei beviset på at oppdrett nord for Vestfjorden ikkje berre var mogleg, men ein suksess.

Tok med minkfarmen og flytta til Hammerfest

John Simonsen fekk tre «uløyselege» dilemma og hanskast med som ung. Kva gjer du når du forelskar deg i ei dame frå Hammerfest når du driv farsgarden med pelsdyroppdrett i Selbu? Du tar sjølvsagt med deg pelsdyra på flyttelasset.

Publisert Sist oppdatert

Utruleg, men sant. Unge Simonsen var ikkje tapt bak ei låvedør. Men det skulle bli hakket meir komplisert då han ville setje i gang med lakseoppdrett i Hammerfest. Her var ekspertisen samrøystes: Det er ikkje mogleg på grunn av dei låge temperaturane i sjøen. Igjen viste John at det umoglege vart mogleg.

John Simonsen tok med seg minkfarmen og flytta frå Selbu til Hammerfest der han blei ein av laksepionerane. No er han tilbake i Selbu.

Appelsinar på Svalbard

– Du har ofte blitt sitert på eit utsegn om at dersom det er noko du absolutt vil, får du det til.

– Ja, eg møter ofte det: Viss du vil det nok, kan du dyrke appelsinar på Svalbard, humrar han i møte med Kystpodden.

– Men eg meiner det, understrekar han. John er sjølve beviset på at han har meir enn eitt poeng.

Å flytte frå innlandsbygda Selbu i Trøndelag, til Hammerfest i Finnmark, var ein overgang i seg sjølv. Å starte lakseoppdrett i regionen var noko heilt nytt og ulkjent. Nesten som appelsinar på Svalbard. Men han fekk det til, skal vi høyre i denne episoden av Kystpodden.

Laks og hund

John Simonsen har lidenskap for jakt og hundeavl. Hjortejakt og engelsk setter går i hop som hand i hanske for John. Det er nokre år sidan han flytta sørover og etablerte seg med anlegg i Bjugn. Seinare, etter at han gav seg som lakseoppdrettar, flytta han attende til heimbygda Selbu. Men hundane har han med seg, og veggen heime i stua full av nasjonale og internasjonale premiar til hundar som han har hatt og som han framleis har.

Lakseoppdrett og hundeoppdrett. Engelsk setter er ein kjær hobby og lidenskap for John Simonsen. Veggane i stua er dekorerte med premiebevis.

Høyr John Simonsen fortelje med eigen ord om livet som oppdrettspioner.

Laurdag 11.10.25 kl. 10.00
kyst.no/kystpodden og Spotify

Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg