Fôrråvarer. Illustrasjonsfoto: Linn Therese Skår Hosteland.

Laks er framleis ei god kjelde til marint omega-3

Sjølv om nivåa av marint omega-3 i oppdrettsfôr har gått ned, er oppdrettslaks framleis ei god kjelde til dei viktige næringsstoffa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Dei siste 10-15 åra er det blitt mindre av dei marine omega-3-feittsyrene i fôret til oppdrettslaksen, og dimed også i laksen. Grunnen til det er at mange av dei marine råvarene i oppdrettsfôr i aukande grad er blitt erstatta av vegetabilske råvarer. Dette skriver NIFES i en pressemelding.

Dette betyr likevel ikkje at det er lite marint omega-3 i oppdrettslaksen, det er bare ikkje like mykje som før. Sjølv om nivåa av marint omega-3 er redusert med omtrent 60 prosent , er oppdrettslaksen framleis ei god kjelde til dei sunne feittsyrene, viser omfattande undersøkingar ved NIFES.

Grunnen til det er at laksen alltid vil ha eit eige ernæringsbehov for feittsyrene. Marint omega-3 er nemleg ikkje bare viktige for oss menneske, men også for laksen. Difor vil ein oppdrettslaks alltid ha mykje marint omega-3 i seg. Den treng det for å vekse og for å halde seg frisk.

Feitt for hjernen og hjartet

Det er heller ikkje ressurseffektivt med for mykje marint omega-3 i laksens fôr. Laksen treng bare nok omega-3. Den bruker overflødig omega-3 til energi i staden for å lagre det, viss den får for mykje av feittsyrene.

Dei viktigaste marine omega-3-feittsyrene er EPA og DHA, og dei har fleire gode eigenskapar for menneske. Begge feittsyrene motverkar hjarte- og karsjukdomar. I tillegg er DHA særleg viktig for utviklinga av hjernen hjå barn og unge, og for å ta vare på optimal hjernefunksjon gjennom heile livet.

Dette er ein av fleire grunnar til at Helsedirektoratet anbefaler at ein et to-tre måltid sjømat i veka, inkludert eitt med feitt fisk. Eitt måltid med oppdrettslaks vil dekke ei vekes anbefalt inntak av marint omega-3 for friske menneske. Ein middagsporsjon med oppdrettslaks (á 150 gram) vil i gjennomsnitt bidra med 1,8 gram EPA og DHA. Av dette utgjer DHA godt over halvparten. Samstundes anbefaler norske helsemyndigheiter at gravide et 0,2gram DHA kvar dag. Også pålegg kan vere ei god kjelde til desse feittsyrene.

Vi treng også vegetabilsk omega-3

Med meir vegetabilske råvarer i fiskefôr enn tidlegare blir det også meir vegetabilsk omega-3 (alfa-linolensyre) i oppdrettslaksen. Forholdstalet mellom vegetabilske råvarer og marine råvarer ligg i dag på omtrent 70-30.

Det er viktig å hugse på at også plante-omega-3 er ei essensiell feittsyre som vi treng i kosten for å ha god helse. Ein middagsporsjon med oppdrettslaks (á 150 gram) vil i gjennomsnitt bidra med 1,3 g plante-omega-3.

I tillegg har både menneske og laksen evna til å gjere om vegetabilsk omega-3 til marint omega-3, men den prosessen er ikkje effektiv nok til å produsere nok EPA og DHA for optimal helse og utvikling.