Laks som hopper i merd. Illustrasjonsfoto.

Meiner det er feil å straffa næringslivet med lakseavgift

Ordførar Peder Sjo Slettebø i Kvinnherad kommune meinar det er feil å straffa næringslivet med fleire skattar, som lakseavgifta SV vil innføra.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) la fram eit forslag om lakseavgift per kilo produsert fisk, beregna av lakseprisen, i næringskomiteen i april. Med 27 oppdrettsanlegg i Kvinnherad vil det bety store summar i kommunekassa, men ikkje alle er like samde i at avgifta er ei god løysing, skriv lokalavisa Kvinnheringen.no.

Peder Sjo Slettebø (H), ordfører i Kvinnherad Kommune.

Bergens Tidende skreiv i april at det var Osterøy-ordførar Jarle Skeidsvoll som fyrst lanserte forslagetPå Twitter kommenterte ordførar Peder Sjo Slettebø (H) «Trasig vedtak..» om Bergens Tidende si sak om vedtaket i næringskomiteen.

- Eg er negativ til auka skattertrykk på norsk næringsliv. Vi må ikkje gå i den fella at når ei næring går godt, så kjem vi dragande med skattar, som vil føra til at næringa slit i nedgangstider, fortel han til avisa.

Han meiner oppdrettsnæringa tener godt, men har også ein historisk høg laksepris no, som han forventar vil gå ned.

Les også: Advarer mot flere avgifter til havbruksnæringen

- Dette igjen vil gå utover arbeidsplassane i oppdrettsnæringa, som vi treng no når det er nedgangstider i oljenæringa. Det er alltid positivt med meir pengar inn til kommunen, men ikkje viss det går på kostnad av næringsliv og arbeidsplassar, seier Slettebø til avisa.

Han påpeikar at næringa allereie legg igjen mykje midlar i Kvinnherad. I tillegg til skatteinntektene frå arbeidstakarane i næringa, nemner han også pengane som går til kjøp av konsesjon, selskapsskatt, arbeidsgjevaravgift og formueskatt.

Heile saka kan du lesa på nettsida til Kvinnheringen. (pålogging kreves).