Oddmund Soldal styrer matinga på eit anlegg på Stord, medan Eirik Skeie bakom han fôrar fisk på Bømlo og Stig Kårstad heilt innerst syt for at fisken i Sveio går ettermiddagen mett i møte. Rosendal Tilvekstsenter styrer matinga av heile ni oppdrettsanlegg. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda lokalavis.

Fôrar ni oppdrettsanlegg frå Rosendal

Frå ein kjellar i Rosendal i Kvinnherad kommune styrer eit knippe karar fôringa av alle anlegga til Lerøy Sjøtroll i Sunnhordland.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det kan rett å slett sjå ut som at dei sit og spelar Playstation. Oddmund Soldal, Eirik Skeie og Stig Kårstad har fire-fem skjermar føre seg og kvar sin kontroll i hendene. Det dei eigentleg gjer, er å fôra laks og aure på Bømlo, Stord, Sveio, Tysnes, Fitjar og i Kvinnherad.

– Dette er det tredje av ei rekkje på fem tilverkingsanlegg me skal opna her på Vestlandet, seier Willy Berglund, administrerande direktør i Lerøy Sjøtroll til Grenda lokalavis. (Artikkelen er berre publisert i papirutgåva deira.)

20.000 tonn fisk

Regionsleiar for Sjøtroll Johnny Tverrfjell (t.v.), administrerande direktør Willy Berglund og driftsleiar Jonny Hansen ved det nye tilvekstsenteret i Rosendal. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda lokalavis.

– Tidlegare vart dette gjort ute på kvart einskild anlegg, men inne på eit kontor på ein flåte, der dei som fôra sat og såg det same som ein ser her inne. Det me har gjort er å strekkje leidningane litt lenger enn frå merden og til flåten, seier Berglund.

I august starta dei opp med å fôra eitt anlegg. Deretter har dei tatt inn eitt etter eitt anlegg.

– Det har gått veldig greitt. Over all forventning, meiner Jonny Hansen, driftsleiar ved Rosendal Tilvekstsenter.

– Frå dette anlegget produserer me 20.000 tonn laks og aure i året, eller 100 millionar middagsporsjonar, smiler regionsleiar Johnny Tverrfjell.

Senteret er bemanna sju dagar i veka, og dei tilsette går i turnus.

– Det er som med bonden som må i fjøset kvar dag, også på julaftan. Me må mata fisken vår kvar dag, konstaterer Berglund.

Spesialistar

Berglund seier at Lerøy Sjøtroll har valt å leggja senteret i Rosendal for å utvikla den drifta dei allereie har i Kvinnherad.

– Me har stor aktivitet i Kvinnherad kommune, med settefisk i Sunndal, stamfiskanlegg i Maurangerfjorden og store anlegg i Djupavikjo og utanfor Skorpo. Totalt har me 26 tilsette i Kvinnherad, og me er veldig glade for at Lerøy Sjøtroll har lagt senteret hit. Det betyr veldig mykje for arbeidsplassane og kompetansen her i kommunen, legg Tverrfjell til.

Karane som sit på rekkje og rad følgjer nøye med på at fisken et pelletsen som vert dosert ut.

– Dei følgjer med på at maten blir eten, og ser til at fisken er mett. Det er viktig for oss at det som blir gjort her er så proft som råd. Korleis fisken blir fôra har alt å seia for oss, både for økonomi og miljø, påpeikar Tverrfjell og Berglund.

Tidlegare var det slik at alle gjorde alt ute på dei einskilde anlegga.

– No spesialiserer me oss. Det er viktigare enn nokon gong å ha gode folk på kvart område. Det får me ved å samla fôringa i slike senter, sluttar dei to.

Oddmund Soldal, Eirik Skeie og Stig Kårstad har mellom anna ansvar for å fôra fisken ved ni ulike Sjøtroll anlegg ved det nye tilvekstsenteret i Rosendal. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda lokalavis.