Illustrasjonsfoto rømt laks.

Lakserømming hos Lingalaks

Oppdrettsselskapet hadde ein hendelse med rift i not torsdag ettermiddag, men rømmingstalet er endå ukjent. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Hendelsen skjedde på lokaliteten Tveitnes ved ytre Ålvik, då eit notlodd vart senka.

Selskapet skriv at skaden umiddelbart blei oppdaga, loddet heva og holet sikra. 

- Det er iverksatt gjenfangst av rømt fisk i høve våre beredskapsplaner, og i samråd med myndighetene. Det vart fanga ein fisk på gjenfangstgarn fredag, og 30 stykk lørdag, skriv selskapet på Facebook-sida deira. 

Erlend Haugarvoll, dagleg leiar i Lingalaks, opplyser til Kyst.no at dei fekk 32 laks i gjenfangstgarna på søndag også.

Beklagar hendinga

Fisken i merden har snittvekt på ca 3,1 kg, med variasjon i området 2-4 kg. Fisken er ikkje behandla med medikament og har ingen sjukdom, i følge selskapet. 

Dei skriv at det truleg er ein sjakkel som laga rift i nota på 1,5 x 2,5m, og at dei reknar med at det er eit begrensa antall fisk som har kome seg ut.

- Lingalaks beklagar hendinga og har iverksat gjenfangst, skriv dei avslutningsvis.