Nærmere 40 aktører i fiskeri- og havbruksnæringen ynskjer at YSK Akvakultur-tilbodet får bestå ved Måløy vidaregåande skule.

Slår ring om YSK Akvakultur-tilbodet ved Måløy VGS

Fiskeri- og havbruksnæringa og Måløy vekst ynskjer ikkje nedlegging av tilbodet ved Måløy videragåande skule. Dei skriv at YSK Akvakultur er ei framtidsretta utdanning som bør bestå i ein region med høg verdiskaping i havbaserte næringar.

Publisert Sist oppdatert

Saman med Måløy Vekst har 38 aktørar i fiskeri- og havbruksnæringa i gamle Sogn og Fjordane signert brevet som kan lesast i si heiheilt under. Dei ber om at YSK Akvakultur-tilbodet får bestå ved Måløy vidaregåande skule.

Fiskeri- og havbruksnæringa er ei av våre viktigaste framtidsnæringar, som bidreg til store inntekter, arbeidsplassar og utvikling av lokalsamfunn. Ferske tal frå den nasjonale ringverknadsanalysen frå Nofima («Havbruksnæringas ringverknader» (2024) viser at sjømatnæringa er nøkkelen til arbeidsplassar og levedyktige lokalsamfunn mange stadar langs kysten. 

På Vestlandet var den samla verdiskapinga i næringa på nesten 20 milliardar kroner i 2022. Vestland er det nest største sjømatfylket og det største havbruksfylket i landet, målt i produksjon. I følgje Nofima er Kinn kommune den nest viktigaste havbrukskommunen i Vestland med verdiskaping på over ein milliard kroner. Kinn er også blant dei kommunane i Vestland som er størst på sysselsetting i næringa.

Havbruksnæringa er spådd ein formidabel vekst, men har også utfordringar innan fiskehelse og miljø, og berekraftig fôr. Dette er utfordringar som vil krevje ei større satsing på kompetanse, forsking og utvikling. Då må ein utdanne fleire innan havbruksnæringa, og YSK Akvakultur er ein viktig del av dette.

Vestland fylkeskommune har sjølv teke eit tydeleg standpunkt for kva kampar ein skal ta i arbeidet med grøn omstilling gjennom sitt samarbeidsprosjekt Grøn region Vestland. I eit av punkta under «Ta posisjonen som den globalt leiande havregionen» skriv ein følgande som eit viktig moment: «Utvikle, tiltrekke og behalde kompetansen vi treng for å bygge Vestland». Likevel er det no lagt fram eit forslag om å kutte TAF/YSK-tilbodet ved Måløy vidaregåande skule og som konsekvens vil ein ikkje lenger ha noko YSK Akvakultur-tilbod i heile fylket. Å kutte ei framtidsretta utdanning med sterk tilknyting til næringslivet står ikkje i stil med ønsket om å utvikle kompetanse ein treng for å byggje ein leiande havregion.

- Det er kamp om desse elevane frå næringa, og dette er einaste YSK Akvakultur-linja i Vestland. Eleven får god praktisk læring heilt frå starten, som og gir eit auka utbytte i form av å knytte praktisk læring og teoretisk læring saman. Med spesiell studiekompetanse er dei også gode kandidatar for å studere vidare til andre stillingar i næringa. Desse elevane vil og ha ein viktig kjennskap og forståelse for drift av oppdrett med seg inn ei eventuell høgare utdanning, seier Solveig Willis bed Svanøy Habruk. 

Å fjerne dette tilbodet vil føre til at regionen mister ei viktig kjelde til kompetanse og rekruttering. I høyringsframlegget er det også lagt fram forslag om kutt av YSK Marin ved Fusa Vidaregåande skule, som vil gjere at elevar frå Vestland som ønskjer å gå eit TAF/YSK-løp innan Akvakultur blir tvinga til å flytte vekk og kanskje heilt til Sandnessjøen, kor ein då vil finne det næraste tilbodet. Å sende elevar vekk frå sin heimregion for å studere vidaregåande utdanning kan i ytste konsekvens føre til avfolking av lokalsamfunn. Ved tett tilknyting til lokalt og regionalt næringsliv gjennom sine år på vidaregåande skule får elevane ei lokal forankring og eit nettverk på heimstaden som dei kan kome heim til etter eventuell høgare utdanning.

Trass i bekymringar om kostnadane knytt til TAF/YSK-elevar kjem dei godt ut når ein ser på gjennomføringsprosenten til desse elevane. I tillegg får ein to utdanningar på fire år, som ein normalt ville ha brukt minimum 6 år på. Linja komplementarar også naturbrukslinjene ved skulen og ein får utnytta ressursane godt. Og gløym ikkje at elevane er med på viktig verdiskaping for bedriftene dei jobbar i og samfunnet elles frå første skuledag.

- Desse lærlingane har vist seg å være gode kandidater som får muligheten til å bygge kompetanse og erfaring gjennom praktisk arbeid, samtidig med at de får studiekompetanse. Det gir et solid grunnlag for både arbeid i bedrift og videreutdanning. Vi ser et behov for slike kandidater i fremtiden, og vi ser at denne modellen legger gode rammer for deres fremtidige karrierevei. Flere av våre tidligere lærlinger har enten startet å jobbe hos oss etter læretiden eller returnert etter fullført høyere utdanning, fortel Kathrine Kvalheim Larsen i Mowi.  

Det er fire elevplassar ved dette tilbodet ved Måløy vgs. kvart år. I dag har dei til saman 14 elevar frå Kinn, Askvoll, Sogndal, Florø og Stad ved linja. For skuleåret 24/25 har linja ni søkarar. Eit av argumenta for å legge ned TAF/YSK-tilbodet er eit dårleg elevgrunnlag. Søkartala viser at dette ikkje stemmer og at ein heller burde auke talet elevplassar for å møte etterspurnaden og næringa sitt behov. 

Måløy vgs. har i dag over 100 elevar som bur på hybel, og rekrutteringsområdet er ganske mykje større enn det som blir peika på i forslaget for tilbodsstruktur. TAF/YSK er eit tilbod som trekk til seg elevar frå heile regionen i gamle Sogn og Fjordane. I tillegg vil ein trekke til seg elevar frå søre- og ytre Sunnmøre som har mist sitt TAF/YSK-tilbod. Før ein vel å kutte eit slikt tilbod bør ein også ta elevane sitt val med i vurderinga. Det er svært tydeleg at dette er eit tilbod dei unge ønskjer seg.

YSK Akvakultur ved Måløy vgs. er eit viktig utdanningstilbod for havbruksnæringa i vår region, som skapar store verdiar for samfunnet og bidreg til sysselsetting og levedyktige lokalsamfunn på kysten. Vi ber fylkespolitikarane om å sørge for at dette tilbodet består ved skulen i Måløy.

Brevet er signert av:

  1. Måløy Vekst
  2. OFS Norge
  3. ONTEC
  4. Domstein AS
  5. Best Fishing Gear AS
  6. AS Fiskevegn
  7. Nordhordland Fisk AS
  8. MOWI
  9. Ervik Seafood AS
  10. Svanøy Havbruk
  11. Coast Seafood
  12. Maaloy Seafood
  13. Ervik Havfiske Gruppen
  14. Star Seafood
  15. Steinvik Fiskefarm AS
  16. Pelagia AS
  17. Bue Salmon
  18. Vest-Norges Fiskesalslag
  19. Godfisken AS
  20. Sande Settefisk
  21. Sjømatstaden
  22. Selstad AS
  23. Havlandet Havbruk AS
  24. Havlandet Marin Yngel AS
  25. Havlandet Marin Yngel Torsk AS
  26. Osland
  27. Ode
  28. Hub for Ocean
  29. Snorre Seafood AS
  30. Marø Havbruk
  31. Ecobait
  32. Babord Group
  33. Stadyard
  34. Stim AS
  35. Havkar Drift AS
  36. Blom Fiskeoppdrett AS
  37. Viking Aqua
  38. Slakteriet AS
  39. Hyen Fisk AS