Marte Søreide vart rikskjendis då ho vart nr. 2 i Farmen 2015. Ho er no tilsett hjå Osland Havbruk som driftsteknikar frå midten av juni. Foto: TV2/pressefoto.

Farmen-kjendis tilsett hjå Osland Havbruk

Osland Havbruk har tilsett Marte Søreide, som driftsteknikar i selskapet. Ho har tidlegare vore med på realityserien Farmen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet skriv i ei melding på Facebook at Marte Søreide vart rikskjendis då ho vart nummer to i Farmen 2015.

- Ho er no tilsett hjå oss som driftsteknikar frå midten av juni. Marte skal jobbe på sjøen og inngå i den dagleg drifta av lokalitetane våre. Marte er oppvaksen i bygda vår og vi ser fram til å få ho med på laget, og ikkje minst heim til bygda, skriv Osland. 

Marte arbeider for tida i Artic Shipping på fôrbåten Artic Fjell, i ein kombostilling som kokk og matros.

- I tillegg til å vere ei jente med sunt bondevit har ho no fått erfaring frå det maritime. Vi ynskjer Marte velkommen til "Team Osland", skriv selskapet.