Den nye arbeidsbåten «Suleglimt» er skreddersydd for Sulefisk sine behov, og vil betjene alle dei seks lokalitetane til selskapet. Foto: Suleglimt
Den nye arbeidsbåten «Suleglimt» er skreddersydd for Sulefisk sine behov, og vil betjene alle dei seks lokalitetane til selskapet. Foto: Suleglimt

Ny arbeidsbåt frå Moen Marin: - Ei stor investering for oss i Sulefisk

Sulefisk fekk i går overlevert sitt nyaste arbeidsjern «Suleglimt» frå Moen Marin. Det kjem etter ein krevande prosess.

Publisert

Båten er av typen Nabcat, den har måla 14,99m x 8m, og er bygd av Moen Marin (Kroatia).

Den nye servicebåten har fire nokkar, 40 tm krane og eige Mekon-ensilasjesystem i mobil container på dekk. 

Sissel Kråkås, kvalitetsleiar i Sulefisk fortel til Kyst.no at «Suleglimt» er rusta for å gjennomføre fleire typar arbeidsoperasjonar.

- Med fire nokkar og ein 40 Tm krane på dekk vil den vere til god hjelp under arbeidsoperasjonar som medfører nothandtering. 

Ei mobil løysning

Den mobile containeren med ensilasjesystem seier ho gjer båten svært anvendeleg ved opptak av dødfisk.

- Dette er sjølvsagt eit system vi håpar at vi ikkje får særleg mykje bruk for, men dessverre er der ein del dødfiskhandtering under sjukdomsutbrot. Ved å velje ei mobil løysing på dette systemet har vi moglegheit for enkelt å ta bort containeren dersom vi ved andre typar arbeidsoperasjonar treng meir dekkplass.

Dar kjem dampen: «Suleglimt» klar til lossing sør for Kråkeneset. Foto: Sulefisk
Dar kjem dampen: «Suleglimt» klar til lossing sør for Kråkeneset. Foto: Sulefisk

Ifølge kvalitetsleiaren er det mange omsyn som skal takast når dei får bygd ein arbeidsbåt av denne typen. Ein skal ta omsyn til både fiskevelferd, HMS og ytre miljø.

- «Suleglimt» skal vere designa for å ta i vare alle desse forholda på ein god måte, påpeikar ho.

Anvendeleg båt

Sulefisk har totalt seks lokalitetar, derav alle ligg i Solund. «Suleglimt» vil betjene alle desse lokalitetane og såleis jobbe ved både stålbur, plastringar og lukka merd. Nokre av lokalitetane deira ligg i heller veirharde områder.

Den nye servicebåten har fire nokkar, 40 tm kran og eige Mekon ensilasjesystem i mobil container på dekk. Foto: Sulefisk
Den nye servicebåten har fire nokkar, 40 tm kran og eige Mekon ensilasjesystem i mobil container på dekk. Foto: Sulefisk

- Då er det godt å ha ein større båt som er stødig også i noko meir sjø. Vi har frå før «Sulefjord», ein Nabcat 14,99m x 12 m, som også betjener alle lokalitetane våre. Ved drift på 3-5 lokalitetar parallelt kan arbeidstrykket på «Sulefjord» til tider vere stort og det blir bra å få «Suleglimt» inn som kan avlaste ved mange av dei arbeidsoperasjonane vi i dag bruker «Sulefjord» til.

Avgjerande samarbeid

Kråkås seier det har vore svært spesielt å bygge båt i annleisåret 2020. Covid19-situasjonen i verda har heilt klart hatt innverknadar på prosessen deira.

- Vi har ikkje kunne gjennomført inspeksjonar som planlagt i Kroatia og det har vore utfordrande å gjennomføre desse inspeksjonane digitalt.

Eivind Espeland og Trond Osland har hatt ansvar for prosessen frå Sulefisk si side og dei to har ifølge kvalitetsleiaren jobba godt og målretta for å få eit best mogleg resultat til tross for dei spesielle tilhøva i verda. 

- Dialogen og samarbeidet vårt med Moen Marin har vore avgjerande for at resultatet har vorte så bra som «Suleglimt» framstår å vere. Å bygge ein arbeidsbåt med dei funksjonane som «Suleglimt» har er ein tidkrevjande prosess og ei stor investering for firmaet vårt.

For Sulefisk seier ho det er viktig å få ein båt som støttar deira behov, noko som gjer at det krevs tett oppfølging under heile prosessen.

- Ekstra kjekt er det då  når den er overlevert og vi kan ta i bruk den skreddarsydde båten vår. Så det er heilt klart at alle i Sulefisk gler seg til å ta den i bruk, seier ho avslutningsvis.