Overvakingsdata for Hardangerfjorden viser ei negativ utvikling over tid som har komme så langt at det ikkje er mogleg å nå miljømåla i vassforskrifta, meiner Statsforvalteren i Vestland.

Nei, nei, nei, nei, nei, nei, nei, nei og atter nei!

– Vi har no behandla ni saker som vart utsette i 2023, og må seie nei til desse søknadene fordi dei vil føre til auka utslepp frå akvakultur.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Statsforvalteren i Vestland i ei nyheitssak på eigne heimesider.

– Overvakingsdata for Hardangerfjorden viser ei negativ utvikling over tid som har komme så langt at det ikkje er mogleg å nå miljømåla i vassforskrifta, skrive dei.

I 2023 registrerte statsforvaltaren at overvakingsdata synte ei tydeleg negativ utvikling for fleire miljøparametrar i fjorden. 

– Samstundes såg vi eit ønskje om å auke akvakulturproduksjonen i fjordsystemet. Som følgje av dette utsette vi behandlinga av alle akvakultursøknader i området medan vi venta på nytt kunnskapsgrunnlag om tilstanden i fjorden og bereevna for auka utslepp, heiter det.

Dei siste åra er det samla inn og sett saman store mengder nye data om miljøtilstanden i Hardangerfjorden. Samanstillinga av nye og historiske data gir no eit meir komplett bilete av utviklinga over tid. Analysane stadfestar at fleire sentrale miljøparametrar har ein negativ trend, og syner at tempoet i endringane har auka dei siste åra. 

– I våre vurderingar må vi òg ta inn over oss at klimaet er i endring. Klimaendringane gir varmare og ferskare kystvatn, meir nedbør og oftare ekstremvêr. Dette svekkjer utskiftinga av djupvatn i terskelfjordane og aukar avrenninga av næringssalt og organisk materiale frå land. 

Resultatet er ifølgje Statsforvaltaren at bereevna – fjorden si evne til å ta unna utslepp utan varig skade – blir lågare enn før.

– Når vi no seier nei til ei rekkje søknader, har vi vurdert korleis kvar sak bidrar til påverknad av heile fjordsystemet, og dermed sett heile sakskomplekset i samanheng. Dette er nytt, men nødvendig. Den nye kunnskapen viser at folka våre hadde god grunn til uro, då dei såg dei negative trendane i 2023.