Importert sjømat. Foto: Helge Skodvin.

Få overskridingar for importert sjømat

Sjømat som vart importert til Noreg i 2016, hadde gjennomgåande god kvalitet og få overskridingar av gjeldande grenseverdiar for framand- og smittestoff, ifølgje ei pressemelding frå NIFES.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I 2016 undersøkte NIFES 131 prøver av sjømat som vart importert frå land utanfor EU/EØS-området, sendt inn av Mattilsynet. Alle animalske produkt som vert importerte frå tredjestatar (land utanfor EU/EØS) skal godkjennast ved veterinær grensekontrollstasjon før ein kan ta dei inn. NIFES har analysert prøvene for uønskte stoff, mikroorganismar og parasittar.

– Kvaliteten og tryggleiken på importert sjømat er gjennomgåande god, seier Bjørn Tore Lunestad, seniorforskar ved NIFES.

Funn av Listeria i nokre prøvar

Bakterien Listeria monocytogenes blei påvist i fem av 75 undersøkte prøver. Bakterien blei påvist i ei prøve av tunfisk frå Maldivene, og i ei prøve kvar av Mangrove snappar, barramundi, indisk ansjos og kvit sardin frå Sri Lanka. Det blei også påvist bakterien Vibrio cholerae i ei prøve av reke frå Vietnam, men bakterien var ikkje av den typen som gjer smitte og sjukdomsutbrot.

Det blei funne parasittar i 31 prosent av prøvene, men desse var døde og representerte dermed ikkje ei infeksjonsfare.

I to prøver av fisken Yellowtail frå Australia blei det funne spor av dei ulovlege fargestoffa malakittgrønt og krystallfiolett. Desse fargestoffa er ikkje tillate brukt i samband med oppdrett eller annan matproduksjon.

– Dersom analyseresultata viser overskridingar blir Mattilsynet varsla om dette, seier Lunestad.

130 prøver blei undersøkte for tungmetall og organiske miljøgifter, og ei prøve av fiskeolje frå Tyrkia var over grenseverdi.

Kontroll av varer som kjem frå land utanfor EU

Noreg er forplikta til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området frå land utanfor dette området, såkalla «tredjeland». Den veterinære grensekontrollen skal avdekkje varer som har dårleg kvalitet eller har eit innhald av mikroorganismar, parasittar eller uønskte kjemiske komponentar (tungmetall, organiske forureiningsstoff eller restar av legemiddel over gjeldande grenseverdiar) som kan setje mattryggleiken i fare.

NIFES er, på oppdrag frå Mattilsynet, ansvarleg for analysar, faglege vurderingar og årsrapportar for sjømatdelen av dette arbeidet.

Les heile rapporten her