Kommunikasjonsrådgjevar Hanna Dåvøy Rørtveit i Salmon Group meiner det er bekymringsfullt at Havbruksutvalet ynskjer å fjerne særtillatelsene, men meiner heilheiten til NOU`en framstår som positiv for medlemmane deira.
Foto: Salmon Group.
- Positive til heilskapen som NOU’en adresserar
Salmon Group håpar rapporten Havbruksutvalet la fram i dag kan hjelpa oppdretterane på veg, men dei meiner det er bekymringsfullt at dei ynskjer å fjerne særtillatelsene.
Torsdag 28. september mottok fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran NOU frå Havbruksutvalet, der dei mellom anna vil fjerna nedtrekket frå trafikklyssystemet.
Hanna Dåvøy Rørtveit, kommunikasjonsrådgjevar i Salmon Group seier til Kyst.no at fyrsteinntrykket av rapporten er at det er eit grundig arbeid som har blitt gjort av Linda Nøstbakken sitt utval, og rapporten ber preg av ein heilskapleg tankegang.
- I fyrste omgong trur eg dei fleste aksjonærane i Salmon Group-nettverket vil setja seg ordentleg inn i NOU’en. Dei signala vi har fått inn no i morgontimane, har vore positive til spesielt heilskapen som NOU’en adresserar.
NF Digital Komplett
4990,-
KJØP
NF Pluss Måned
199,-
KJØP