Osland Brygge. Foto: Pål Mugaas Jensen.

- Tapte pengar på auren

Osland Havbruk fortel om god drift jamn produksjon i 2015. – Me oppnådde gode prisar på laks i fjor, fortel  dagleg leiar Erik Osland. Men auremarknaden fortel han var svært utfordrande, og dette førte til pengetap for selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Driftsinntektene til Osland Havbruk endte på 221 millionar i 2015 mot nær 265 millionar året før. Driftsresultatet landa på 39, 5 millionar i 2015, mot nær 71,2 millionar året før. Drifsmarginen gjekk difor ned frå 28% i 2014 til 18 % i fjor.

Osland Havbruk Nøkkeltall 2015.

- Me oppnådde gode prisar på laks som utgjer cirka 60 prosent av det totale produksjonsvolumet, som landa på over 6000 tonn sløyd vekt. Auren er årsaka til nedgong i omsetning og resultat frå fjoråret.  Marknaden var svært utfordrande og me tapte pengar på store deler av salet, fortel Osland til kyst.no.

Trur på auren

Erik Osland har trua på auren i år. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Aure på frys reduserte og omsetnaden, men han fortel at auremarknaden no har løfta seg kraftig frå i vinter og ligg i dag på eit godt nivå.

- Eg trur på eit sterkt marknad for auren til hausten/vinteren med USA og Japan som drivarane. Reduksjon i produksjonen frå Chile er mykje av årsaken til desse marknadene, men vi ser også at kundane setter pris på eit svært godt produkt. Mellom anna også Storbritania viser stor interesse.

Den daglege leiaren fortel at kostnadane aukar, slik han og ser det gjer i resten av næringa.

- Gode leverandør-avtalar er viktig for å være konkurranse dyktig.  Difor blir medlemskap i SalmonGroup nødvendig for lokale fiskeoppdrettarar, då me får nytte oss av innkjøpsavtalar som dei forhandlar fram.  SalmonGroup sitt gode IK-Akva arbeid og jobbing med rammevilkår hjelper også med å halde ei god drift, fortel Osland

Lusestrategi

I fleire år har Osland jobba med stor-smolt for å reduserer produksjonstida i sjø.

- I saman med lusebehandling i Thermolicer i brønnbåt, som er ei ny investering for oppdrettarar i SalmonGroup frå Sogn og nordover til Møre, er dette det viktigast verkemiddelet for å handtere lusa.  Post-smolt og stor smolt i lag med sterkt fokus på godt miljø for fisken og fòring oppnår dei tilsette i Osland snitttid i sjø på 13 månadar på heile vår generasjon laks. Kort opphaldstid i sjø reduserer nødvendigheitene for avlusningar,  konstaterer han.

På haustutsettet av aure har dei same strategi som på laksen.

- Her vert heile lokaliteten utslakta etter 16 månader og, vi unngår dermed å ha fisk i anlegget på vinteren og våren. Då slepp me og desse pålagte avlusningane, informerar han.

I byrjinga av månaden opna «Osland Settefisk» si nyaste investering «Sørebøhallen»

- Opning av RAS-anlegg på land i sommar vil gi oss endå betre moglegheit til å lage smolt som er tilpassa produksjonsplanen vår i sjø der målet er færrast mogleg luse behandlingar, seier han.