Slik ser det ut på Osland Settefisk Sørebø. Foto: Jan Egil Nygard

Nyopning av setjefiskanlegg

I dag har Osland Havbruk open dag på setjefiskanlegget på Sørebø. Næring og lokalsamfunn er invitert til storfest, då selskapet seinare i dag offisielt opnar den nye produksjons-hallen på anlegget.- Osland Settefisk går inn i ein ny tidsrekning, seier samfunnskontakt Geir Helge Østerbø til kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Selskapet har den siste tida bygd ut setjefisk-anlegget for rundt 50 millionar, og har i dag ei løyve på produksjon av 2,5 millionar fisk årleg, men har og søkt om utviding av denne til fem millionar.

- Eg har trua på produksjon av storsmolt, men når den skal være på rundt 250 gram går mykje av volumet bort i løyva. På sikt kan det derfor være greitt å ha moglegheit til å auke denne, har dagleg leiar Erik Osland tildlegare uttalt til kyst.no

Den nye Sørebø/produksjonshallen på Sørebø. Foto: Jan Egil Nygard.

Osland omtalar anlegget som fleksibelt, då selskapet kan produsere fleire ulike storleikar på fisken ut ifrå behov.

- Inn i ei ny tidrekning

Storsmolten skal bidra til at dei får redusert produksjonstida i sjø og er derfor ein av hovudinnsatsane til selskapet mot lakselusa.

- Å korte ned produksjonstida i sjø er noko vi anser som svært viktig. Då kan ein unngå lusebehandlingar og ha betre fokus på andre viktige faktorar som fôring og fiskehelse, sa Olsand.

Og jubelen står høgt i taket hos Osland under opninga i dag.

- Osland Settefisk går inn i ein ny tidsrekning, topp moderande RAS-anlegg set i stand til å produsere rett settefisk rett storleik til rett tid, fortel Geir Helge Østerbø Kommunikasjonsansvarleg i Osland Havbruk, til kyst.no i dag.

I tillegg til open dag med kaffi, brus og kake, står statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet Roy Anglevik, for den offisielle opninga av Sørebøhallen klokka 15.30.