Fisking etter røymd laks i Hardanger. Foto: Ørjan Solheim.

Rømming i Hardangerfjorden: - Næringa er ikkje i mål

Ordførar Peder Sjo Slettebø i Kvinnherad kommune seier til kyst.no at han følgjer rømmingsituasjonen i Hardangerfjorden tett, etter at ei hittil ukjend mengde laks rømde fra Marine Harvest lokaliteten Åkre. - Eg har eit klårt inntrykk av at Marine Harvest tek dette på største alvor, men rømminga ved Varaldsøy no, og dei tilfella vi har hatt i fjorden i seinare tid, viser at næringa ikkje er i mål, fortel han.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Denne veka vart det kjent at Marine Harvest sin lokalitet Åkre i Kvinnherad Kommune hadde ei rømming tirsdag 20 desember. Årsaka til rømminga av eit hittil ukjend antal laks, fortel selskapet skjedde grunna ei rift i nota. Anlegget ligg i Hardangerfjorden, der dei i fleire år har vore stor ueinigheit mellom havbruksnæringa og villaks-interessene, mellom anna grunna rømmingar dei siste åra.

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) i Kvinnherad kommune fortel til  kyst.no at han vart varsla om rømminga på lokaliteten Åkre, av Marine Harvest dagen etter hendinga.

Peder Sjo Slettebø (H), ordfører i Kvinnherad Kommune seier at oppdretterane ikkje er heilt i mål når det gjeld rømming av fisk. Foto: Privat.

- Eg har jamnleg kontakt med selskapet om situasjonen. Det er først og fremst oppdrettarane som har ansvar for at fisken ikkje rømmer. Det er selskapa som må ta førehandsreglar i alle situasjonar, uavhengig av vær, seier ordføraren til kyst.no.

Kommunikasjonssjef Ola Helge Hjetland i Marine Harvest uttalte til kyst.no at det stod rundt 172 000 fisk i den aktuelle merda rømminga skjedde frå.

- Oppdaterte tal viser at det er gjenfangsta 107 fisk, og det er framleis ikkje klart kor mykje fisk som har rømt, fortel Hjetland til kyst.no fredag formiddag.

Fisken som røymde hadde ei snittvekt på 2,2 kg. Ifølgje oppdrettsselskapet er det sat ut gjenfangstgarn i området og lokale fiskarar er hyra inn.

Les også: Ynskjer å bli ein leiande oppdretts-kommune

- Ikkje i mål

Ordføraren i Kvinnherad seier vidare at det er mykje som enda må løysast når det gjeld rømming.

- Eg har eit klårt inntrykk av at Marine Harvest tek dette på største alvor, men rømminga ved Varaldsøy no, og dei tilfella vi har hatt i fjorden i seinare tid, viser at næringa ikkje er i mål. Sjølvsagt er det også næringa sjølv som har mest å vinna på at slikt ikkje skjer, påpeikar Slettebø.

Ordføraren fortel han ellers er glad for at regjeringa tek rømmings-problematikken på alvor.

- Seinast denne veka vart det sendt ut eit framlegg som skal forsterka arbeidet med førebygging og handtering av rømmingar, opplyser Slettebø.

Les også: Går saman om bygging av nytt settefiskanlegg

  • Marine Harvest betalar fiskarar 500 kroner for kvar fisk som stammar frå anlegget.
  • Fisken kan leverast ved Marine Harvest sine lokaler på Ænes i Kvinnherad 27. desember og 3. januar kl. 1600-1800.
  • Det er løyve til å fiske etter rømt fisk i Hardanger, men dette må gjennomførast etter gjeldande regelverk og fiskarar må registrere seg hos Fylkesmannen i Hordaland.