Produksjonssjef Jannike Saure Knotten (til venstre) og linjeleiar saum Alicja Kwiatkowska er klare til å setje i gang storproduksjon av Plany sine nye luseskjold. Foto: Plany AS

Skal lage luseskjold til nær 100 laksemerdar

Plany fekk nyleg inn den største enkeltordren i bedrifta si 52 år lange historie. Dette, i tillegg til andre ordrar, betyr fullt trykk i produksjonen i Gursken og behov for fleire tilsette, meldar selskapet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

– Det er sterkt fokus på ikkjemedikamentelle lusetiltak i oppdrettsbransjen, fortel Kenneth Brandal, marknadssjef i Plany AS.

Kenneth Brandal, marknadssjef. Foto: Olav Thokle.

– No har vi fått inn ei bestilling frå Marine Harvest region Vest på nesten 100 doble luseskjold, noko som er svært positivt, legg han til.

Luseskjolda frå Plany vert monterte rundt laksemerdane. Skjolda hindrar lusepåslag på laksen, ved at larvane til lakselusa ikkje kjem seg inn til fisken. Dette har vist seg å vere eit effektivt førebyggjande tiltak i kampen mot lakselusa. Fisken får vesentleg mindre lus, og behovet for behandling vert difor også redusert.

Ny milepæl

– Marine Harvest er ein viktig kunde for Plany. Vi har eit godt samarbeid, der vi får gode og tydelege tilbakemeldingar, noko som igjen gjer oss i stand til å skape lønsame løysingar for kunden, sier Brandal.

Luseskjolda som Marine Harvest no har kjøpt, «Plany Luseskjold DES», er den nyaste versjonen luseskjold. Dei er spesielt designa med tanke på slitestyrke og langvarig bruk. Det som skil denne typen frå andre, er materialvalet. Materialet vi brukar tilfredsstiller krava til godkjent desinfisering, noko som er avgjerande når skjolda skal brukast over tid, på fleire lokasjonar og fleire generasjonar fisk.

– Dette er ein ny milepæl for bedrifta, seier administrerande direktør i Plany Gunnar Larsen.

- Plany har hatt ei svært god utvikling dei seinare åra, særleg inn mot oppdrettsnæringa. Slike ordrar legg eit godt grunnlag for den vidare veksten vi planlegg framover, der vi også vil kome til å trenge fleire tilsette, legg han til.

  • Plany AS har 17 tilsette og held til i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre.
  • Bedrifta skapar lønsame løysingar til havbruk, landbruk og maritim industri, både i Noreg og internasjonalt.