Ny i Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett
Frå 1. juli er Silje Sveen tilsett som fiskevelferds- og bærekraftansvarlig i Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett.
Selskapa drifter fire matfisklokalitetar i samdrift, ved Svanøy og Batalden utanfor Florø.
Ho vil vere tilknytt kontorfellesskapet på Fugleskjærskaia, der også blant anna Svanøy Havbruk og Godfisken er lokalisert. Silje flytta til Florø i sommar, saman med sambuar og to barn, etter 19 år i Bergen.
– Dette blir eit nytt spennande kapittel. Foreløpig er den nye tilværelsen svært positiv, sjølv om det var utfordrande å bryte opp frå storbyen etter så mange år, medgir ho.
Andre generasjon i sving
Silje er yngste dotter til Elin og Trond Sveen i Marø Havbruk, og med storesøster Gro ved roret i Svanøy Røykeri, er neste generasjon godt implementert i familiebedrifta.
Silje er utdanna fiskehelsebiolog ved Universitetet i Bergen, og har sidan 2010 erfaring med praktisk fiskehelsearbeid frå Akvavet Gulen, jobba med kundeoppfølging og funksjonelle fôr i Cargill (tidlegare EWOS), og dei siste sju årene har ho jobba som kvalitetsansvarleg i bioteknologiselskapet Benchmark Genetics. Hovudfokuset framover blir først og fremst innanfor fiskevelferd og fiskehelsearbeid, og dessutan å følgje opp arbeidsoppgåver tilknytt berekraft. Marø Havbruk og E. Karstensen Fiskeoppdrett set store ressursar i forebyggande fiskehelsearbeid, for å unngå utfordringar med lakselus og sjukdom.
– Det er ingen som er tent med at fisken ikkje har det bra, det er faktisk det verste ein oppdrettar kan oppleve, seier Elin, dagleg leiar i Marø Havbruk, og brørne Geir og Nils Tore Karstensen nikkar samstemt.
Dei meiner dette er absolutt den viktigaste arbeidsoppgåva til alle tilsette, og det er positivt med fleire hender til å følgje opp dette arbeidet vidare.
Regelverket og myndigheiter set strenge krav til hyppig innrapportering og oppfølging.
– Det er positivt med fleire ressursar, som samtidig har fagleg kompetanse innan fiskehelse.
Dei siste åra har Silje også jobba bredt innanfor berekraftsarbeid, og det siste ho fekk implementert var sertifisering ihht miljøstandarden ISO 14001, hos sin tidlegare arbeidsgjevar.
– Det gjerast mange gode tiltak allereie i dag i Marø/Karstensen; elektrifisering av fôrflåtane, innkjøp av elbåtar, bruk av batteriløysingar som reduserer behovet for fossilt drivstoff. Men, det er fordel å sette dette i eit system. og få det ned på det digitale papiret, dette kan eg vere behjelpeleg med, seier Sveen entusiastisk.
Tett på fisken
For det er ikkje til å stikke under ein stol, at det måtte ein interessant jobb til for at ho skulle ta med seg familien og flytte heim.
– Sjølvsagt er det eit stort pluss at så mykje slekt og vener bur i Florø, men ein vier trass alt så mykje tid til jobb i løpet av eit yrkesliv, at det er heilt naudsynt for meg at jobben er interessant og gir faglege utfordringar, seier Silje, og skryt samtidig av eigarane av Marø/Karstensen, som har drifta dei to lokale eigde familiebedriftene sidan 70-80-talet.
For det er liten tvil om at det har vore fleire utfordringar i løpet av meir enn fire tiår, i ei relativt ung næring.
– Det har tidvis vore svært anstrengande økonomisk og tilfelle av biologiske utfordringar, men investering i ny teknologi og godt utstyr, saman med at vi er tette på fisken kvar dag, har vore ein viktig strategi for oss, avsluttar Elin.
Ho er svært glad for at neste generasjon vil ta del i dei lokale eigde familiebedriftene, slik at dei forhåpentlegvis framleis kan eksistere som ein liten aktør, blant dei mange store oppdrettsbedriftene, som saman utgjer ei svært viktig næring for Norge og Florø.