
Har snudd økonomisk motgang til vekst
Etter store tap i 2023 har Østerbø Solutions snudd utviklinga – og står sterkare enn på lenge. Selskapet leverer solide resultat for 2024 etter ei målretta omstilling og tydeleg satsing på kjerneverksemd.
2023 blei eit år prega av store økonomiske tap for Østerbø Solutions AS, hovudsakleg som følgje av konkursar hos kundar. Likevel har selskapet i løpet av det siste året snudd underskot til overskot.
Frå motbakke til medvind
Østerbø Solutions:
Tall i millioner kroner | 2023 | 2022 |
Omsetning | 167 | 163 |
Driftsresultat | 7 | -3 |
Driftsmargin | 4% | -2% |
Res.f.skatt | 5 | -4 |
EK-andel % | 28% | 20% |
Nøkkeltall fra regnskapet fra 2024 og 2023:
Utviklinga frå 2023 til 2024 markerer ei betydeleg forbetring for Østerbø Solutions. Etter eit underskot på 4 millionar kroner før skatt i 2023, leverer selskapet i 2024 eit overskot før skatt på 5,1 millionar – ei forbetring på over ni millionar kroner. Driftsresultatet har snudd frå minus 2,8 millionar til eit pluss på 5,2 millionar.
Også på inntektssida viser tala ein positiv utvikling. Omsetninga har auka frå 162,6 millionar kroner i 2023 til 167 millionar i 2024. Resultatet før avskrivingar og finanspostar – som seier noko om kor lønnsam drifta er – har gått frå eit estimert underskot til eit pluss på 8,6 millionar kroner.
Samtidig har eigenkapitalen auka frå 16,5 til 20,9 millionar kroner, og eigenkapitalandelen er no på 22,1 prosent – opp frå 19,5 prosent året før. Driftsmarginen gikk fra -2 % til 4 %.
– Me har gjort meir av det vi er gode på, og me har dyktige folk som har stått på i ei tid med store endringar. Det er årsaka til at vi no ser ei positiv utvikling, seier administrerande direktør Ketil Tømmernes i ei pressemelding.
Satsar på det dei kan best

Østerbø Solutions har valt å konsentrere ressursane sine rundt det dei har lang erfaring med: reservekraft og sikker straumforsyning. Dette er område der selskapet har ein sterk posisjon, både teknisk og i marknaden.
I omstillinga i 2024 har den sterke marknadsposisjon Østerbø har innan reservekraft og sikker straumforsyning vore viktig for å sikre både aktivitet og lønsemd, seier Tømmernes.
Med fleire nye kundar og eit større nedslagsfelt i marknaden, melder selskapet no om optimisme og sterkare fotfeste.
Kundar i heile landet
Selskapet har base i Bjordal i Høyanger kommune, og blei etablert som Østerbø Maskin i 1977. Etter ei samanslåing med Meland Elektro i 2023 blei namnet endra til Østerbø Solutions, som i dag har rundt 70 tilsette fordelt på fleire lokasjonar langs Vestlandet. Kundane deira finn ein innan industri, havbruk, offentleg sektor og kraftbransjen.
Verksemda er i dag eigd av Østerbø Gruppa, der Osland Origin er største eigar. Etter ein internemisjon i 2023 styrkja konsernet eigarskapet ytterlegare, noko som har bidrege til å sikre finansiell stabilitet.
Kontinuerleg forbetring
Leiinga peikar på at snuoperasjonen ikkje hadde vore mogleg utan dei tilsette. Erfaring, fagleg styrke og evne til omstilling har vore avgjerande. No handlar det om å halde trykket oppe.
– Med nye kundar og eit større nedslagsfelt i marknaden er utsiktene positive. I vekstfasen me er inne i no, er det avgjerande å halde fram med kontinuerleg forbetring, understrekar Tømmernes.