Lokalitet Alida.

Rømt torsk i Voldsfjorden i Møre og Romsdal

Sunnmøre Torsk har meldt om rømming ved eitt av sine anlegg i Voldsfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Det melder Fiskeridirektoratet på si nettside.

Selskapet rapporterte måndag om hol i not i to merder på lokaliteten Alida i Voldsfjorden på Sunnmøre. Skadene blei oppdaga ved notinspeksjon etter tips om fanga rømt oppdrettstorsk i området.

Omfanget av rømminga er ikkje klarlagt. Storleiken på fisken i dei aktuelle merdene er på om lag 5-600 gram. Fiskeridirektoratet fylgjer opp saka.

Fiskeridirektoratet ynskjer tips

Personar som ynskjer å melde inn tips om fangst av oppdrettsfisk i området, kan gjere det på tips Fiskeridirektoratet.

Dei skriv at tips vil vere til hjelp for vurdering av omfang og spreiing på den rømte torsken. Legg gjerne ved bilde av fisken.