Illustrasjonsbilde av rømt oppdrettslaks. Foto: Arkiv

36 700 laks rømt i Hardangerfjorden

Nye tal fra Bergadal lokaliteten i Hardangerfjorden viser at det er rømt 36 700 laks, der 3250 av disse er gjenfanga. Det viser opptellinga til eigaren Lingalaks AS, melder Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Skaden vart oppdaga om ettermiddagen tysdag 24. mai, og Fiskeridirektoratet vart varsla umiddelbart.

Revne i not

Oppdrettsselskapets foreløpige vurdering er at årsaka til rømminga er revne i not i samband med ein arbeidsoperasjon. Fiskeridirektoratet skal på inspeksjon på anlegget førstkommende mandag for å finne ut meir om årsaka til rømmingshendinga.

3250 fisk gjenfanga

Det er alt observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks AS utvida gjenfangstplikt.

Per 26. mai var det fiska opp cirka 3250 fisk.

Snittstorleiken på fisken er cirka 4-4,5 kg.

Det er berre selskapet som kan drive garnfiske i samband med utvidinga av gjenfangstplikta. Fiskeridirektoratet har stilt krav om at garna skal senkast til tre meter og det kan ikkje fiskast nærare enn 100 meter frå elvemunningar eller i fredningssonene. Fredningssoner er skilta. All villfisk skal setjast ut igjen.

Les også: Lakserømming fører til millionutgifter for oppdretter

Les også: – Lingalaks tar rømmingen på alvor

Lover ut dusør

Lingalaks AS har etablert ein mottaksstasjon, der privatpersonar kan levere inn den rømte laksen dei har fiska med stang. Lingalaks AS gir ein dusør på 200 kr per rømt laks som vert levert inn til selskapet. Fiskaren kan behalde fisken mot at feittfinnen vert fjerna av Lingalaks AS sitt personell.

Slik fangst kan leverast til Lingalaks AS sin lokalitet i Bergadalen, Gravdalsvegen 500, 5632 Omastrand. Opningstidene er mandag, onsdag og fredag mellom kl. 12 og 15 så lenge gjenfangsten pågår.

Les også: Rømminga i Hardanger oppdaga under Thermolicerbehandling

Fiskeridirektoratet ynskjer tips

Fiskeridirektoratet oppmodar folk om å melde inn observasjonar og fangst av mogeleg rømt oppdrettsfisk til vår døgnopne vaktsentral: tlf. 03415.