Sulefisk-lokalitet i Solund . Foto: Linn Therese S Hosteland.

10,7 millionar kroner til Solund

-I samband med at Sulefisk AS i 2015 vart tildelt «grøn konsesjon» til lakseoppdrett har Solund kommune nyleg motteke 10,7 millionar kroner frå staten, skriv kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Stortinget har vedteke å utbetale 40 prosent av staten sitt totale vederlag for løyve til lakseoppdrett i tildelingsrunden 2013 til dei kommunar der løyva vert etablert. Totalt vert det betalt ut 481,6 millionar kroner og kvart løyve gjev den enkelte kommunen 10,7 millionar kroner.

Utbetalinga er kompensasjon til kommunane som nyttar fellesarealet sitt til oppdrettsnæring. Midlane frå staten er «frie midlar» som kommunen kan bruke etter eige ynskje og behov. Solund kommune sine midlar er sett av på fond og det er kommunestyret som avgjer korleis dei skal brukast.

- Solund kommune står framfor mange tunge investeringar dei neste åra og difor vil desse midlane vere eit viktig bidrag i arbeidet med utviklinga av lokalsamfunnet. Det er ekstra flott at det er Sulefisk, ein lokal aktør som satsar på nye konsesjonar, som på denne måten bidreg til at kommunen får mogelegheit til nye satsingar i framtida, seier ordførar Gunn Åmdal Mongstad i pressemeldinga.