Tre generasjonar Vassbotten samla. Foto: Steinvik Fiskefarm

Blir ny dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm

Erlend Vassbotten, fødd 1990, blir ny daglig leiar i Steinvik Fiskefarm. Erlend vil starte i stillinga 1. Januar 2020.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Alex Vassbotten fødd 1962, går av som dagleg leiar og vil jobbe vidare med utvikling i konsernet, og som dagleg leiar på Stenvik Rensefisk. Spesielt vil  utbygging av nytt storsmolt anlegg i Svelgen ta mykje av tida framover, skriv selskapet i ei pressemelding.

Alex Vassbotten har vore dagleg leiar sidan oppstarten av Steinvik Fiskefarm i 1986.  Steinvik Fiskefarm har 6 konsesjonar i Askvoll og Flora kommune, og eit visninssenter på Steinvik. Konsernet Steinvik har Barlindbotn Settefisk ( 2 mill smolt),og Steinvik Rensefisk som produserer Rognkjeks i Svelgen (3,3 mill fisk). Her er det og sett i gang bygging av nytt storsmolt anlegg som skal vere ferdig hausten 2020

Erlend har ein bachelor i økonomi frå BI i Oslo, og ein bachelor i Havbruksdrift og leiing frå Bodø. Erlend har vore tilsett i Lerøy Sjøtroll sidan 2013 der han har hatt stilling som lokalitetsleiar og biologisk kontroller sidan 2015.

Inge Vassbotten er styreformann i konsernet, og no blir det 3 generasjonar som skal ta konsernet inn i framtida.