Illustrasjon: Villaks, sild og makrell er alle pelagiske fiskar - dei jaktar mat i dei frie vannmassane. Fotograf: Audun Rikardsen / UiT (villaks) og Erling Svensen / Havforskningsinstituttet (makrell)

Laks og makrell åt ikkje det samme

Forskarar ved Havforskingsinstituttet fann lite støtte for at sild og makrell er skuld i nedgang i villaksbestanden. Dei fann likevel eit samsvar i at periodar der sildebestanden blei større, var det færre laks som returnerte til elvene. Men korrelasjon medfører ikkje alltid kausalitet, sjølv om forkarane heller ikkje utelukkar at det kan vere tilfelle.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kontakt: Kjell Rong Utne, forsker ved Havforskingsinstituttet – kjell.rong.utne@hi.no

Dei siste tiåra har det blitt langt færre laksar i Atlanterhavet. I tillegg legg dei på seg mindre.

Ein av teoriane på kvifor det er slik, er at sild og makrell tar for seg av maten til laksen i Atlanterhavet. Desse bestandane har nemleg hatt gode år i den same perioden. Det skriv Havforskingsinstituttet i ein sak på sine heimesider.

I ein ny forskingsartikkel har forskarane kombinert mageanalysar med statistikk utan å finne støtte for denne teorien.

Ingen samanheng påvist

– Vi fann lite overlapping i dietten til laks på den eine sida og sild og makrell på den andre. I tillegg fann vi liten geografisk overlapping mellom sild og laks, og heller ingen samanheng mellom svingingane dei ulike bestandane har hatt, summerer havforskar Kjell Rong Utne.

Over ni forskingstokt i 2008 og 2009 analyserte forskarane mageinnhaldet til 750 unglaks, 678 makrell og 204 sild fanga mellom Irland og Svalbard. Dei samanlikna dietten mellom individ fanga i same område og periode.

Livretten varierte

Alle fiskane åt litt tanglopper og krill. Men i hovudsak sikta sild og makrell seg inn mot raudåte og små dyreplankton. Laksen åt for det meste fiskelarvar.

– Vi blei overraska over kor ulik diett artane hadde, særleg fisk fanga i same område til same tid. Nokre gonger i same trålhal, seier Utne.

Makrellbestanden er berekna å vere opp til 1000 gonger større enn mengda atlantisk laks i havet. Derfor kan berre ei lita overlapping tenkast å gjere stort utslag. Og makrellmagane var ikkje heilt frie for fiskelarvar.

– I område med lite mellomstor dyreplankton, som raudåte, tok makrellen andre byttedyr. For eksempel tobislarver vest for Irland og Skottland. Desse er også eit viktig byttedyr for unglaks i same området, så her kan nok konkurransen om mat ha vore høgare enn i Norskehavet.

– Men dette er eit område som både makrell og unglaks vandrar raskt gjennom på forsommaren, legg han til.

For kor mykje fiskane var å finne til same tid og stad, var også ein del av forskinga.

Laks og makrell overlappa, men ikkje laks og sild

Forskarane brukte fangstdata frå 170 trålhal i Norskehavet til å lage statistikk for kor sannsynleg det var å finne laks der du også fann makrell og sild.

– Laks og norsk vårgytande sild overlappa lite geografisk. Makrell og laks var delvis å finne i same område, men om sommaren var ein del av laksen noko lengre nord enn makrellen, fortel forskaren.

Opptur for makrell var ikkje lik nedtur for laks

Til slutt brukte forskarane statistikk frå perioden 1982-2017 for å sjå etter ein samanheng mellom mengda laks som kom heim til elva si, og bestandsstorleiken til sild, makrell og kolmule.

Ville oppsving i dei andre pelagiske fiskeslaga gi nedtur for laksen?

– Vi fann ingen signifikante samanhengar når det gjeld nedgang i lakseinnsiget i dei fem europeiske elvene vi sjekka, forklarar Utne.

Vil ikkje utelukke konkurranse

Dei fann derimot ein negativ samanheng mellom gytebestanden av nvg-sild og den totale mengda tilbakevandrande laks i Nord-Europa.

– I periodar der sildebestanden blei større, var det færre laks som returnerte til elvene. Men det er vanskeleg å slå fast ei årsakssamanheng. Det kan skuldast konkurranse, men også andre faktorar som vi ikkje har undersøkt, seier han.

Ventar ikkje parallelle svingingar i bestandane

Forskarane konkluderer med at dei ikkje har funne bevis som kan støtte teorien om at mindre laks skuldast konkurranse frå sild og makrell. 

– Vi utelukkar ikkje at det kan vere tilfelle, men vil ikkje vente store endringar i laksebestandane dersom dei pelagiske bestandane skulle svinge opp eller ned, seier Utne.

Vil sjå meir på om bildet kan ha endra seg

– Konkurranse kan også føregå lokalt i spesielle område, og bildet kan naturlegvis også ha endra seg over tid, fortset han.

Mens mageanalysane i denne studien er frå 2008 og 2009, tok makrellbestanden seg verkeleg opp etter 2010. Sidan då har HI rutinemessig tatt mageprøver av sild, makrell og laks på årlege forskingstokt.

– Laksemagane har vi opparbeida, og for sild og makrell er eit stort materiale tilgjengeleg for nye analysar. Vidare forsking vil kunne gi sterkare grunnlag for å seie noko om diett og konkurranse har variert over tid, sier Utne.

Gjennom SeaSalar-prosjektet held forskarane fram med å undersøke konkurranse mellom artane.

Referanse

Utne, K. R., Thomas, K., Jacobsen, J. A., Fall, J., Ó Maoiléidigh, N. P., Broms, C., & Melle, W. (2020). Feeding interactions between Atlantic salmon (Salmo salar Linnaeus) post-smolts and other planktivorous fish in the Northeast Atlantic. Canadian Journal of Fisheries and Aquatic Sciences, (ja).