Webinar: Spironucleus salmonicida
Torsdag 5. juni 2025, kl. 11:00–13:00. Sted: Microsoft Teams
Vi har gleda av å invitere til webinar torsdag 5. juni 2025 kl. 11:00–13:00 på Microsoft Teams, der vi presenterer ferske resultat og innsikt frå FHF-prosjektet SpiroFri – Spironucleus salmonicida-infeksjonar og spironukleose i norsk akvakultur: smittevegar, vertsspekter og førebygging.
Webinaret er ope for alle interesserte.
Agenda:
Velkomen og kort om prosjektet
Historisk oversikt over S. salmonicida
Kunnskapsstatus om parasitten
Biosikkerheit og førebygging
Smittevegar og vertsspekter
Spørsmål og diskusjon
Avslutning med informasjon om vidare arbeid
Vi vil presentere hovudfunn frå desinfeksjonsforsøk, miljøoverleving og eksperimentell smitting i sjøvatn, samt drøfte kva dette betyr for biosikkerheit og smitteførebygging i oppdrettsnæringa.
Tidspunkt: Torsdag 5. juni 2025
Klokkeslett: 11:00–13:00
Stad: Microsoft Teams (lenke blir sendt ut til påmelde)
Påmelding innan 30. mai 2025 her: https://mform.imr.no/view.php?id=283270 Deltakarlenke blir sendt til påmelde deltakarar i forkant av møtet.
Vel møtt til eit spennande og aktuelt fagwebinar!
Informasjon om SpiroFri:
Etter omfattande utbrudd av spironucleose i Nord-Norge i 2022, lyste FHF ut midler til å undersøke smittevegar og desinfeksjonsstrategiar for parasitten Spironucleus salmonicida. Prosjektet «Spironucleus salmonicida-infeksjoner og spironucleose i norsk akvakultur: smitteveier, vertsspekter og forebygging (SpiroFri)» fekk tildelt prosjektmidlar (FHF prosjektnummer 901831). SpiroFri-prosjektet er leia av Havforskingsinstituttet, og gjennomførast i samarbeid med Nofima Tromsø, Veterinærinstituttet, Pure salmon Kaldnes v/ Erik Sterud, og Grieg Seafood ASA.
Les også: