Aller Aqua sitt anlegg i Vadheimsfjorden.

Rømt laks i Vadheimsfjorden

Aller Aqua i Vadheim opplyser at dei har hatt ei lakserømming på anlegget deira i Vadheimsfjorden.

Publisert Sist oppdatert

Aller Aqua meldte laurdag 29. oktober om ei rømmingshending på lokaliteten Floteneset i Høyanger kommune i Vestland. Det var då oppdaga eit stort hol i ei av nøtene på anlegget.

Fiskeridirektoratet skriv at dei har pålagt selskapet å drive gjenfangst i Vadheimsfjorden, ut til Langeneset-Verpeneset. Dette fisket føregår med innleidd fartøy og reiskap som er tydeleg merka.

Slakteklar fisk

Omfanget av rømminga er ikkje avklart. Fisken som har rømt har ei snittvekt på i overkant av 4,8 kilo og var slakteklar. Selskapet har så langt registrert ein gjenfangst på ca. 250 oppdrettslaks.

Fiskeridirektoratet vil følgje opp med tilsyn hjå selskapet.

Rolv Tveit, driftsansvarleg ved anlegget i Vadheim, seier at dei veit ikkje kor mange laks som har rømt:

- Det stod 40 660 laks i merden. Kor mange som er att der no veit vi ikkje før etter neste levering. Det blir ein gong i neste veke, seier Tveit til avisa.