Alsaker kjøper Bolaks
Alsaker AS har inngått ein bindande avtale om kjøp av 100 % av aksjane i Bolaks Group AS.
Selskapet skriv at dei med det skapar den klart største privateigde oppdrettsverksemda på Vestlandet.
Alsaker og Bolaks vil til saman ha over 25 000 tonn MTB i PO2 og PO3 og vil utgjere ein sterk lokaleigd oppdrettsaktør med god forankring i mange lokalsamfunn på Vestlandet. Produksjonspotensialet til det samla konsernet vil overstige 50 000 tonn.
Betydelege driftsfordelar
Verksemda vil ifølgje pressemeldinga dra nytte av ein felles og fullintegrert verdikjede og kunne optimalisere utnytting av settefiskanlegg, lokalitetar, brønnbåt, servicebåtar og slakteri. Alsaker skriv at dei er overtydd om at oppkjøpet vil trygge lokale arbeidsplassar og utløyse betydelege driftsfordelar gjennom heile verdikjeda.
Bolaks skriv at dei er glad for å kunne annonsere at dei gjennom denne transaksjonen sikrar selskapets drift og vidare satsing i Bjørnafjorden.
– Som ein del av Alsaker, som vi kjenner som eit veldrive oppdrettskonsern, vil Bolaks stå sterkare og få gode utviklingsmoglegheiter framover, seier styreleiar Grunde Bruland. Kjøpet er avhengig av godkjenning frå relevante konkurransemyndigheiter.
DNB Carnegie var finansiell rådgjevar og Simonsen Vogt Wiig var juridisk rådgjevar til Alsaker. Advokatfirmaet Schjødt og Law.no Advokatfirma var juridisk rådgjevar til seljarane.
Om selskapa
Om Alsaker: Alsaker AS er eineeigar av Alsaker Fjordbruk AS, eit leiande oppdrettskonsern i Noreg, lokalisert på Onarheim i Tysnes kommune i Vestland. Konsernet har 24 konsesjonar og ein integrert verdikjede med eigne settefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og servicebåtar, og er ein av dei mest lønsame oppdrettsverksemdene i verda. Alsaker AS er heileigd av Meidell AS der Gerhard Meidell Alsaker er einaste aksjonær.
Om Bolaks: Bolaks er eit lokalt forankra oppdrettskonsern med verksemd i Bjørnafjorden kommune. Selskapet eig 10 kommersielle matfiskkonsesjonar, 2 stamfiskkonsesjonar og eitt løyve til landbasert akvakulturproduksjon. I tillegg er Bolaks eigar av majoriteten av aksjane i Sævareid Fiskeanlegg AS, noko som gjer at konsernet er heilintegrert i produksjonen frå stamfisk/rogn til matfisk.