Her mottar Einar Holmefjord det fysiske beviset på at han er årets vinner av AqKva-prisen. Bilete laga av Harald Kryvi blei overlevert av jurymedlem Hans Inge Algrøy.

Her er årets vinner av AqKva-prisen

AqKvas festmiddag: Årets AqKva-pris gjekk til Einar Holmefjord for utvikling, produksjon og implementering av Lift Up systemet.

Publisert Sist oppdatert

Prisen blei delt ut av jurymedlem Hans Inge Algrøy under Aqkva-konferansens årlege festmiddag. I sin grunngjeving sa Algrøy at årets vinnar fullt ut fyller kravet både til langvarig engasjement og god innsats.

- Denne innsatsen har vore og er synleg både nasjonalt og internasjonalt og prisvinnaren har gjennom sin innsats gjort noko som har vore til stor nytte for næringa både reint teknisk, biologisk og økonomisk og ikkje minst omdømmemessig.

AqKva-prisen

  • AqKva-prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølging og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.
  • Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon for seg sjølv og andre til vidare innsats.
  • Komiten som står bak utvalet av prisvinnaren består av ein frå styret i AqKva organisasjonen, ein frå tidsskriftet Norsk Fiskeoppdrett og underteikna frå Sjømat Norge.
  • Prisen i år er eit bilde laga av Harald Kryvi som er kjent både som kunstnar, forfattar og professor emeritus i fiskeanatomi ved UiB

Han påpeika at tidlegare prisar har ofte gått til utøvarar som har hatt sitt virke direkte i næringa.

- Dei som har stått rundt oss har kanskje vore underrepresentert. Når vi skulle finne prisvinnar i år løfta vi blikket litt og prøvde å finna ut kven er det som har stått rundt oss og funne på ting som kunne letta arbeidet, forbedra miljøet eller på annan måte vore tilretteleggjar for næringa, med andre ord nokon i leverandørbransjen. Der fann vi mange gode kandidatar, sa han.

Algrøy trakk fram at Einar Holmefjord har sterke røter i og band til havbruksnæringa, men at det ikkje er på merdkanten han har gjort størst suksess.

- Utgangspunktet for det han vert heidra for i dag er merdkanten. Han har nok tilbrakt mange timar og dagar med foring, røkting, notskift og oppsamling av daudfisk, og sett og hørt kva erfarne folk seier og meiner. Så er det slik at når ein ser at eit arbeid tar lang tid eller vert gjort tungvint, så leitar ein etter nye måtar å gjera arbeidet på.

- Eg trur det må vera dette so er bakgrunnen for prisvinnaren i prosessen som førte til ei løysing og eit produkt som blir belønna med årets AqKva-pris. Det er ofte fleire som ser same utfordringane, prøver og feiler og kanskje gir opp, ikkje minst i møte med byråkratiet, og så er det noken som er så uthaldande og kanskje sta og stridig at dei ikkje gjer seg før dei får det til, sa Algrøy.

Han sa vidare at dei som kjenner Einar Holmefjord seier at han arbeidde målretta, prøvde og sikkert feila og fekk til slutt laga eit produkt som verkeleg har løfta næringa opp og som alle oppdrettsanlegg i verda har i bruk i dag.

- Og etter det eg forstår er det stadig nye idear som kjem fram og nye produkt som vert utvikla. Produkta går i retninga miljø, bærekraft, sirkulærøkonomi og alle desse tinga er svært viktige og rette både for havbruksnæringa og ellers i samfunnet, sa han.

Holmefjord beskrives som ein som kjem frå ei lita bygd og frå ein fiskeri- og oppdrettsfamilie i ei krå i ein fjordarm.

- Han har solid faglig bakgrunn som sivilingeniør frå NTH, med oceanografi, hav- og fjordstraumar, vatn og avløp som fagfelt. Han er ein livsglad og påliteleg kar, ein likandes type. Samstundes er han ein stayer og stabukk som gjennomfører det han set seg føre, sjølv om det for utenforståande kan vera vanskeleg å tru at det er mulig.

Algrøy var usikker på om Holmefjord har blitt heidra med nokon pris før.

- Det burde han ha vore, også for at han i heimbygda si har etablert ein fabrikk med mange arbeidsplassar og på den måten vore med å byggja samfunn og bidra til busetjing og sysselsetjing i ei forholdsvis lita bygd. I desse miljøtider er arbeidet og produkta han har utvikla veldig tidsriktig, og vi har ikkje sett det siste frå denne karen ennå - han som altså utvikla, produserte og implementerte Lift Up systemet.

Her er tidlegere prisvinnere :

  • 2006 - Jørgen Borthen
  • 2007 - Erlend Waatevik
  • 2008 - Gerhard Alsaker
  • 2009 - Eivind Bergtun
  • 2010 - Olav Svendsen/Salma
  • 2011 - Cato Lyngøy
  • 2012 - Magnar Ottesen
  • 2013 - Elin Tveit Sveen
  • 2014 - Harald Mundal
  • 2015 - Bjørn Olav Rosseland
  • 2016 - Torhild Lohne
  • 2017 - Norsk Fiskeoppdrett
  • 2018 – Sveinung Sandvik
  • 2019 - Åsta Haugarvoll
  • 2020 - Brit Hjeltnes
  • 2021 - Ikke uttdelt
  • 2022 -Håvard Bakke

Juryen for Akva-prisen har i år bestått av Kjell Arne Møklebust, styreleder i AqKva; Hans-Inge Algrøy, regionsjef havbruk Vest og Pål Mugaas Jensen, fagansvarleg i Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

AqKva-prisen

  • AqKva-prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølging og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.
  • Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon for seg sjølv og andre til vidare innsats.
  • Komiten som står bak utvalet av prisvinnaren består av ein frå styret i AqKva organisasjonen, ein frå tidsskriftet Norsk Fiskeoppdrett og underteikna frå Sjømat Norge.
  • Prisen i år er eit bilde laga av Harald Kryvi som er kjent både som kunstnar, forfattar og professor emeritus i fiskeanatomi ved UiB.