Gå til innhold
Rosendølingen Sebastian Lamberg Torjusen (26) er tilsett som leiar av visningssenteret Salmon Eye. Pressefoto: Sebastian Lamberg Torjusen.
Rosendølingen Sebastian Lamberg Torjusen (26) er tilsett som leiar av visningssenteret Salmon Eye. Pressefoto: Sebastian Lamberg Torjusen.

Eide Fjordbruk har tilsett den nye leiaren for Salmon Eye. Sebastian Lamberg Torjusen (26) starta i rolla onsdag 14.oktober.

Det kjem fram i ei pressmelding frå Eide Fjordbruk onsdag kveld.

Som leiar for Salmon Eye får Torjusen ansvaret for drift og utvikling av senteret. Fram mot opninga i 2021 skal han arbeida tett med prosjektgruppa samstundes som han legger planane for den første tida med drift.

– Torjusen kjem frå Rosendal, og me er særs glade for å kunna tilsette ein kandidat med lokal tilhøyring. Han er utdanna siviløkonom frå Norges Handelshøyskole og har arbeidd som sjølvstendig næringsdrivande som musikkprodusent og som rådgjevar for verksemder,skriv Eide Fjordrbruk i pressemeldinga som er sendt ut av prosjektkoordinator Hans Martin Eide.

- Stillinga var attraktiv med mange sterke søkjarar, der 16 kandidatar var med på fyrstegongsintervju. Prosessen innehaldt tre intervjurunder, ei caseutfordring og fleire testar for å finne riktig kandidat. Til slutt endte Torjusen opp med jobbtilbod, og me er glade for å ha med oss god kompetanse, ungt pågangsmot og lokal tilhøyring til Salmon Eye, legg han til.

Åpner neste år

Torjusen seier Salmon Eye er eit viktig og kult prosjekt som han ser fram til å arbeide med i tida som kjem.

- Eg gler meg til å vise folk kva vi driv med og ikkje minst til å ta i mot publikum på Salmon Eye til neste år. Eide Fjordbruk sitt prosjektteam arbeider hardt for å lage eit spektakulært visningssenter, og eg ser fram til samarbeidet med Sondre, prosjektleiar Hans Martin, prosjektorganisasjonen og resten av Eide Fjordbruk, seier Torjusen.

Visningssenteret «Salmon Eye» vert knytta til Eide Fjordbruks lokalitet Hågardsneset, som ligg like utanfor Snilstveitøy og Rosendal i Kvinnherad kommune. 

Les meir om senteret her: Jobber for åpning av «Salmon Eye» neste sommer

Om Salmon Eye:

  • Salmon Eye er eit visningssenter med planlagt opning i 2021.
  • Senteret kjem til å ligge i fjorden utanfor Rosendal.
  • Senteret har tidlegare fått merksemd grunna utforming og store visjonar.
  • Målet er å fremje faktabasert kunnskap om norsk havbruksnæring på ein open og interaktiv måte. Lokale utfordringar, løysningar og innovasjonar skal sjås i eit globalt perspektiv.
  • Senteret skal være ein arena for formidling og diskusjon med særleg fokus på fotavtrykket til matproduksjon i sjø.

Har du en sak du
vil tipse oss om?