Havforskningsinstituttet i Bergen. Foto: Havforskningsinstituttet

Får 18 millionar kroner til forsking på oppdrettslaks

Havforskingsinstituttet  (HI) melder at de har fått nærare 18 millionar kroner til forsking på oppdrettslaks, og 7,5 millionar til ein Barentshav-studie som ser nærare på torsken og byttedyra han til ei kvar tid har på menyen. Det er også løyvd 7,5 millionar til ein stor akustikkstudie, som utviklar berekraftig fangsteknologi til dei pelagiske fiskeria.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Forskingsrådet offentleggjorde nyleg løyvingane i Havbrukprogrammet og MARINFORSK, som mellom anna omfattar ulike former for økosystempåverknad og berekraftig hausting.

Det var tøff konkurranse i Havbrukprogrammet, der 70 prosjekt konkurrerte om 140 millionar kroner. Potten vart auka til 190 millionar kroner, som vart fordelt på 34 prosjekt (17 forskarprosjekt). Havforskingsinstituttet fekk støtte til to prosjekt.

9,6 millionar kroner går til ein produksjonsbiologi-studie, som undersøkjer korleis modningsprosessen til postsmolt artar seg i moderne, lukka produksjonsanlegg. Det andre prosjektet, som har fått ei løyving på 8 millionar kroner, sorterer under avl og genetikk, og tar for seg kjønnsmodning hos atlantisk laks.

Kva bestemmer menyen til torsken?

134 søknader var til behandling hos programstyret i MARINFORSK, men berre 13 prosjekt passerte nålauga. Av desse er to heimehøyrande på Havforskingsinstituttet.

Modellstudien CoDINA tek for seg høvet mellom torsken og dei viktigaste byttedyra (lodde, annan fisk og krepsdyr) i Barentshavet. Eit sentralt spørsmål er korleis miljø- og klimaendringar påverkar dietten til torsken. Til å hjelpa seg her har forskarane mellom anna fått tilgang til britiske data for det vestlige Barentshavet (ca. 1930–1950). Dataserien er nyleg digitalisert, og har ikkje tidlegare vore tilgjengeleg for våre folk.

Vel ut fangsten med akustikk

I dei pelagiske fiskeria kan tidleg og god informasjon om art, storleiken på fisken etc. redusera uønskt bifangst og utslepp. Det andre prosjektet som har fått midlar frå MARINFORSK skal utvikla akustiske teknikkar (breibandekkolodd) som kan bestemma storleiken på fisk på avstand. Slik kan trålfiskarane raskt avgjera om fangsten skal takast om bord eller sleppast. Prosjektet byggjer på tidlegare oppdagingar om fiskeriakustikk frå CRISP (Senter for miljøvenleg fangst).

Oljesøl på fiskelarver og endringar langs Skagerrakkysten

I tillegg deltek Havforskingsinstituttet i OILCOM, som ser på langtidseffektar av oljeforureining på fisk, spesielt i larvefasen, i Lofoten–Barentshavet. CEES (Senter for økologisk og evolusjonær syntese) på Universitetet i Oslo leiar prosjektet, der også  NIVA, University of Washington og PINRO er med.

Forskarar frå Havforskingsinstituttet er også sentrale i SCAGCORE. Der skal dei vera med og undersøkja  korleis naturlige og menneskeskapte miljøforandringar, spesielt forureining, har påverka det marine livet langs Skagerrakkysten det siste hundreåret. Prosjektet ligg under CCR (Center for Coastal Research) på Universitet i Agder, og tel også forskarar i ulike disiplinar frå UiO og NIVA.