Leppefisk Foto: Kim Tallaksen Halvorsen, Universitetet i Agder.

Får maksimalt fiske 18 millionar leppefisk i 2016

- Frå i år blir det innført totalkvotar i fisket etter leppefisk. I tillegg blir opningstidene for fisket endra, melder Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Direktoratet påpeikar at det dei siste åra har bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som rensefisk i oppdrett. Dette har resultert i eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å innta ei meir aktiv føre-var-haldning.

Dette inneber mellom anna at opningstidspunkta blir noko seinare i år enn i fjor og at det vert innført totalkvotar som gjeld alle artane av leppefisk.

Fisket etter leppefisk er delt inn i tre soner; Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge, som i realiteten gjeld alle fylker frå Møre og Romsdal og nordover.

På Sørlandet (svenskegrensa – Vest-Agder) opnar fisket 11. juli og i området er det ein totalkvote på 4 millionar leppefisk.

På Vestlandet (Rogaland – Sogn og Fjordane) opnar også fisket 11. juli og her er totalkvoten 10 millionar leppefisk.

I Midt-Norge (Møre og Romsdal og nordover) opnar fisket 25. juli og totalkvoten er 4 millionar leppefisk.

Leveringsavtale

Som før må alle fritidsfiskarar som fiskar leppefisk som skal brukast som rensefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure ha ein leveringsavtale for å kunne drive fiske.

Frå 2016 må også yrkesfiskarar som fiskar med teiner og ruser ha leveringsavtale for å drive fiske etter leppefisk.