Gå til innhold
Annonse
Michael Niesar, daglig leder i Sulefisk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland/Kyst.no
Michael Niesar, daglig leder i Sulefisk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland/Kyst.no

Sulefisk har blitt litt forsinka med årets haustutsett av laks i Ecomerden, men no nærmar det seg ny produksjon.

Annonse

Sulefisk har hatt gode resultat med fisken i Ecomerden deira. Lite lus og ein meir robust fisk med låg dødeligheit er fasiten etter dei tre fyrste generasjonane.

Michael Niesar fortel til Kyst.no at den opprinnlege ideen til å ha laks i lukka merd går tilbake til ca. 2007. Målet var at ein hadde eitt jamnare miljø i lukka merd som er positivt for utviklinga av smolten i ei kritisk fase etter utsett.

Sulefisk hadde ein følelse av at smolten var meir utsatt for patogener og smitte i denne fasen. Publikasjonar i seinare tid som viser til at immunstatusen til smolt etter utsett er sterk redusert, stadfesta vurderinga deira.

Suksess med første generasjoner

- Me tenkte nok på den tida mindre på lusesmitte enn det som er aktuelt i dag. Resultata med dei fyrste tre generasjonane har vore bra. Me har kun hatt haustutsett i Ecomerden, fortel han.

Slik ser Ecomerden til Sulefisk ut. Foto: Sulefisk.
Slik ser Ecomerden til Sulefisk ut. Foto: Sulefisk.

Under produksjon av fyrste generasjon, haustutsett 2015, fekk Sulefisk mange glassmaneter (Aurelia aurita) i Ecomerden i juni 2016. Dette resulterte i at fisken deira vart nødslakta etter at det vart diagnostisert omfattande gjelleirritasjonar som resultat av glasmanetane.

- Denne masseoppblomstringa av vanlege glasmanetar som skjedde lokalt i 2016 har me ikkje hatt verken i 2017 eller 2018. Dette veit ein ikkje i forkant, så me har forholdt oss til den risikoen ein slik masseoppblomstring kan medføre. Haustutsett i Ecomerden med flytting til open merd på våren går problemfritt, poengterar Niesar.

Normal tilvekst

Tilvekst i Ecomerden har i følge dagleg leiar vore normal med ein RGI på rundt 100.

- Me ser at temperaturen i Ecomerden om vinter og våren er svært stabile, men utover våren blir temperaturen i Ecomerden lågare enn i open merd. Dette har ført til noko dårlegare vekst i Ecomerden samanlikna med open merd i same fase. Likevel vurderer me det stabile miljøet i semilukka merd som ein fordel i denne perioden, seier han.

På biletet ser du Fredrik Kyrkjebø frå leverandøren ECOMERD AS. Han har hatt god teknisk oppfølging av merden hos Sulefisk og har observert produksjonen heile vegen. Foto: Sulefisk
På biletet ser du Fredrik Kyrkjebø frå leverandøren ECOMERD AS. Han har hatt god teknisk oppfølging av merden hos Sulefisk og har observert produksjonen heile vegen. Foto: Sulefisk

Dødeligheit i semilukka fase fortel han har vore marginal og det har ikkje vore utfordringar relatert til fiskehelse (sjukdom) bortsett frå manetane ved H15-generasjonen.

- Etter flytting til open merd har Ecomerd-fisken alltid gått veldig bra. Faktisk betre enn fisk som blir satt ut på vanleg måte både mht. appetitt og dødelegheit.

Meir robust fisk

Fisken som gjekk i Ecomerden frå oktober 2016 til april 2017 hadde ei snittvekt på 770 g ved flytting til open merd. Niesar fortel at i januar 2018 vart denne slakta ut med snittvekt 5,1 kg (rund vekt). 

- Dette må seiast å vere bra etter berre ni månader i sjøen. Det var utfordringar med PD og gjellelidelsar (epiteliocystis) på lokaliteten og me fekk problem med dødelegheit i dei to merdane med fisk satt ut på vanleg måte.

Han fortel til Kyst.no at Ecomerd-fisken viste seg meir robust med ein dødelegheit på 5,1 % etter utsett i open merd til slakt. Dødelegheita i postsmolt-fasen i Ecomerden var på 1 %, det vil sei at frå utsett i sjø til slakt er talet 6,1 %. 

Slepp avlusning i Ecomerden

I følgje dagleg leier i Sulefisk så finnes det ikkje lus på fisken så lenge den er i semilukka merd.

- Heilt nøyaktig har me registrert ein eller anna lus (hovedsakleg mindre stadier) også i denne fasen, men det er som sagt så lite samanlikna med ei open merd der fisken går problemfritt og utan form for avlusing. Etter utsett i open merd såg me dessverre raskt påslag.

På diagrammet ser du antal lus per veke for den generasjonen som var i semilukka merd fra haust til vår 2017. Den er slaktet ut i januar 2018. Foto: Sulefisk.
På diagrammet ser du antal lus per veke for den generasjonen som var i semilukka merd fra haust til vår 2017. Den er slaktet ut i januar 2018. Foto: Sulefisk.

Sulefisk har prøvd sidan 2015 å legge til rette for produksjon etter det grøne løyvet som dei fekk, altså med luseskjørt etter postsmoltfasen i semilukka merd. Ved den aktuelle generasjonen bruker dei luseskjørt kombinert med Midt-norsk ringen i dei opne merdane.

- Etter litt dårleg erfaring fra tidligare når me brukte kun luseskjørt ser me at miljøet i merda i kombinasjon med Midt-Norsk ringen er atskilleg betre. I tillegg registrerer me mykje mindre lusepåslag ved hjelp av luseskjørt og Midtnorsk-ringen, legger han til.

- Kva vil du sei er dei største fordelane med fisken som går i Ecomerden?

- Ideen og målet frå 2007 om ein meir robust fisk har me lykkast med. Fisken er generelt meir robust med ein postsmoltfase i semilukka merd enn ved direkte flytting frå settefisk-kar til open merd. Det viser seg at denne tidlege innsatsen i postsmoltfasen gjer fisken eit betre utgangspunkt vidare i livet.

Kort oppsummert fortel han at fisken frå semilukka merd har følgande fordelar etter deira erfaringar:

  • Fisken er meir robust, har mindre sjukdom og lågare dødelegheit.
  • Man unngår inntak av overflatevatn med inntak på 25m som fører til stabilt merdmiljø og mindre smittefare. Her understreker Nieser Anne Stene sin doktoravhandling frå 2013 «Transmission og Pancreas Disease…» som bekrefter at PD smitter via fetthinne i overflaten.  
  • Betre farge av fileten. Sulefisk analyserte høgare Asta-nivået under kvalitetsprøvane. Mogleg hypotese er at dette også kan vere ein indikator for meir robust fisk.
  • Betre vekst etter flytting til open merd og rask produksjon. Ev. litt kompensasjonsvekst etter fase i semilukka merd.
  • Lusefri produksjonsfase.

Avslutningsvis fortel han at ny FOU-rapport knytt til produksjon i Ecomerden er under arbeid og vil bli publisert på nettsida deira når den er klar.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse