Salmon Eye skal bygges av Fluctus. Illustrasjon: Kvorning Design & Communication.

Fluctus er i gang med bygging av Salmon Eye i Rosendal

Eide Fjordbruk har signert ein turn-key kontrakt med Austevoll-selskapet Fluctus AS for bygging av Salmon Eye.

Publisert Sist oppdatert

Visningssenteret «Salmon Eye» er tilknytta Eide Fjordbruks lokalitet Hågardsneset, som ligg like utanfor Snilstveitøy og Rosendal i Kvinnherad kommune. 

- Det er svært gledeleg at eit selskap som me allereie har eit langt og godt samarbeid med, også blei dei rette for å byggja Salmon Eye. Fluctus tok utfordringa på strak arm og me syns det er stas å samarbeide med lokale bedrifter, seier dagleg leiar Sondre Eide i ei pressemelding.

Fluctus AS har hovudkontor i Austevoll og leverer utstyr og service til havbruksnæringen. Eide Fjordbruk skriver i pressemeldinga at det er erfaringa med produksjon av fôrflåtar som gjorde at dette vart ein god match.

- Fluctus er stolt over å få være med å realisere Salmon Eye og produksjonen er allerede i gang. Våre ansatte har lang erfaring og kompetanse innenfor utstyrsleveranser til havbruksnæringen generelt og flåteproduksjon spesielt, hvilket vi drar nytte av i Salmon Eye prosjektet. Vi takker Eide for tillitten og ser frem til et spennende prosjekt sammen, sier flåteansvarlig i Fluctus Runar Hatlevik.

Les også: Jobber for åpning av «Salmon Eye» neste sommer

Om Salmon Eye: 

Salmon Eye er eit visningssenter med planlagt opning 2022. Senteret kjem til å ligge i Hardangerfjorden like ved Rosendal, med utsikt til fjella i dei spektakulære Rosendalsalpane. Salmon Eye skal være et visningssenter for laks, bygga som eit ikonisk monument og med moderne og nytenkande innhald som er laga med brukaren i sentrum. Senteret ynskjer å setja fokus på fotavtrykka til næringa og vera ein inspirasjon til utvikling innan berekraftig matproduksjon i sjø.

Les også disse Kyst.no sakene om Salmon Eye. 

Heil-elektriske båtar

For å ta seg ut til visningssenteret i Hardangerfjorden, må dei tilsette sjølvsagt ta sjøvegen. For å gjera dette mest mogleg miljøvenleg, har Eide Fjordbruk tinga to heil-elektriske båtar av typen Flying Fish 37Z MK2 E-charge.

- Det har vore utfordrande å navigera i ein relativt ny marknad av elektriske båtar til dette føremålet. Hukkelberg Boats AS og Evoy AS er heilt framme når det gjeld elektrifisering, og me ser fram til å ta båtane i bruk. Dette er eit viktig steg for oss i vår strategi om å redusera karbonavtrykket vårt, seier teknisk sjef Erlend Eide i Eide Fjordbruk.

Tolv passasjerar

Den første båten vil bli levert til Eide Fjordbruk allereie i desember. Då startar også selskapet opp med prøvedrift og opplæring av båtførarar til visningsanlegget. Båtane, som er over elleve meter lange, vil kunna frakta opptil tolv passasjerar ut til anlegget i slengen.

- Vi er svært stolte og audmjuke over å ha blitt plukka ut som leverandør til Eide Fjordbruk på dette spenstige prosjektet. Med ei over 80 år lang verftshistorie, er dette ein spanande teknologi å ta fatt på, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Eide Fjordbruk og Evoy, seier Øyvind Hukkelberg frå Hukkelberg Boats.