Leppefisk Foto: Kim Tallaksen Halvorsen, Universitetet i Agder.

Forslag til regulering av leppefisk i 2018

Med bakgrunn i eit veksande fisketrykk og stigande uro for bestandane av leppefisk langs kysten foreslår Fiskeridirektoratet no å lukke fisket og regulere fisket med ein totalkvote på 18 millionar fisk og med individuelle fartøykvotar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fisket etter leppefisk har blitt nokså betydeleg etter kvart og i år vart det fiska i overkant av 27 millionar fisk, det skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Direktoratet har nå handsama innspel frå Reguleringsmøtet om regulering av leppefisk i 2018, og rår til at fisket etter leppefisk blir lukka og regulert med totalkvote og fartøykvotar, subsidiert regulert med ei stor lukka gruppe og ei mindre ope gruppe.

Totalkvote

Nærings- og fiskeridepartementet har fastsatt deltakarforskrifta for neste år for alle typar fiskeri, bortsett frå fiske etter leppefisk, som vil bli fastsatt litt utpå nyåret.

Med bakgrunn i dei foreslåtte deltakarkriteria vil om lag 400 fartøy vere kvalifiserte til å delta i lukka gruppe, noko som vil gi ein fartøykvote på 45.000 fisk per fartøy med utgangspunkt i ein totalkvote på 18 millionar tonn.

Dersom fisket blir delt mellom ei lukka gruppe og ei ope gruppe foreslår Fiskeridirektoratet at 90 prosent skal tildelast lukka gruppe og 10 prosent til ope gruppe.

Dette vil i så fall tyde at lukka gruppe kan fiske 16,2 millionar fisk, og ope gruppe 1,8 millionar fisk. Nærings- og fiskeridepartementet vil avgjere deltakartkriteria for fiske etter leppefisk.

Same datoar i 2018

Fiskeridirektoratet foreslår at opningsdato i 2018 skal vere som i år, 17. juli på Sør- og Vestlandet og 31. juli i Midt-Norge.

I år vart fisket etter leppefisk stansa 20. november. I tillegg vart det innført ei midlertidig stopp i fisket i perioden 30. september til og med 23. oktober.

- Fiskeridirektoratet foreslår å stoppe fisket 1. november neste år i alle tre områda.

Det har kome innspel i høyringsrunden om talet på redskap som den enkelte fiskar kan bruke skal redusertast i områda Vest-Norge og Midt-Norge, men Fiskeridirektoratet har landa på at redskapmengden bør vidareførast i 2018.

Det betyr inntil 100 teiner og ruser til saman i Sør-Norge og inntil 400 i Vest- og Midt-Norge.