Jon Aadland hylddingssong. Foto: Skjermdump Youtube

Hyllar folk ved havet med song

Jon Aadland har ein forkjærleik til havet og har skrive ein song for å hylla folket langs kysten. Han ynskjer og at kyst-lesarar skal verte hylla og oppfordra difor Kyst til å syne verket. Det tykte redaksjonen var ein god idè.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Aadland har sjølv skrive songen, vore med og spelt den inn og laga musikkvideo. På eit vestlandsk svaberg ser ein fire godt vaksne menn som syng om kjærleiken til havet, medan kystnaturen syner seg fram i bakgrunnen.

Aadland er korsongar og har fått med seg brørne Steinar og Nils Hummelsund, samt Terje Torkelsen til song. Han seier dei alle har havsalt i blodet.

- Me kom saman i fjor haust og bestemte oss for å gjere denne innspelinga og lage ein video, fortel Jon Aadland til Vestnytt som fyrst omtalte saka.

https://www.youtube.com/watch?v=bRUjC8G0QPw

Ei sterk historie

Teksten er prega av den sterke interessa Aadland har for lokal kultur, kunst og historie. Det ligg og ei heilt spesiell historie bak hyllingssongen.

Bakgrunnen for songen er nemleg at Hummelsund-brøra vart farlause tidleg i livet. På julafta i 1971 kom presten på døra til familien i Klokkarvik med dødsbodskapet, då faren var ombord fraktebåten «Vestervåg» som hadde gått ned i grov sjø, sør for Lista. Hendinga gav Aadland inspirasjonen til songteksten.

- Songteksten skal få oss til å tenkje på at folk som bur langs kysten, alltid har måtta tåle store offer. For meg har det også vore viktig å uttrykkje ei stor glede over å kunne bu ved havet. Det kan vere gildt, og det kan vere krevjande, seier Aadland.