Mesterkokken Christopher Haatuft prøvde å lage restaurantmat av mesopelagisk fisk på Lysverket i Bergen i haust. No har jobben starta med å kartlegge dei mesopelagiske artane for framandstoff. Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet.

Lite miljøgifter i framtidas fisk

I haust laga stjernekokken lekre rettar av småfisk frå havdjupet. Faren var at gjestane kunne få diaré. No har forskarane undersøkt kor mykje det er av det problematiske diaréfeittet i dei små godbitane, og om dei har andre skadelege stoff i seg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tidlegare i år fekk ein kokk ved gourmetrestauranten Lysverket i Bergen lage restaurantmat av fangsten frå eitt av HI sine prøvetokt på djupt vatn. På menyen sto laksesild, som er ein liten fisk på størrelse med ansjos. Laksesild er sjeldan å sjå på ein middagstallerken sidan ein må ned på mellom 200 og 1000 meters djup for å få tak i godbitane. Kokken slo fast at denne såkalla mesopelagiske fisken smakte godt, og at han gjerne ville servere fisken dersom dei fekk tak i meir av råvarene. Men var han trygg å ete?

– Vi var bekymra for at gjestane kunne få diaré. Denne fisken har nemleg naturleg voksester i seg, som er ein type feitt som kan renne rett gjennom fordøyingssystemet og ut i andre enden, seier forskar Martin Wiech, som var ein av dei som forsynte kokken med råvarene på HI si heimeside. 

Kan gi rennande diaré

No har Mattilsynet gitt Havforskingsinstituttet i oppgåve å undersøkje tre aktuelle mesopelagiske artar for innhaldet av både voksester, metall og organiske miljøgifter. I denne omgang er det undersøkt laksesild, nordleg lysprikkfisk og liten laksetobis.

Dei som var bekymra for diaré om dei fekk dilla på mesopelagiske rettar kan slappe av, for det viser seg at ein må ete ganske store mengder før mageproblema slår inn. Det ufordøyelege feittet voksester finnast ikkje i vanleg norsk matfisk, og det er ikkje undersøkt vitskapleg kor mykje menneske toler av dette, men forskarar har gjort nokre små forsøk på seg sjølve. Samanlikna med desse forsøka viste målingane av nordleg lysprikkfisk og liten laksetobis at ein må ete ein stor porsjon før ein får problem med magen. Av lysprikkfisken kan ein ete 240 gram og av laksetobisen kan ein ete 195 gram.

– Vi ser at det går an å bruke desse artane som menneskemat, men helst ikkje i store mengder om gongen, då hovudsakleg på grunn av oljen som kan gi diaré. Fisken kan gjerne etast som forrett eller liknande. Vi kan godt samanlikne med sardinar, som ein heller ikkje et i store mengder om gongen, seier Wiech.

Ein stor, unytta ressurs

I dei djupaste farvatna våre finnast store mengder fisk, blekksprut, manetar og krepsdyr som vi stort sett ikkje haustar. Globalt kan det finnast meir enn ti milliardar tonn av desse artane, og mange av desse kan vere aktuelle som mat for menneske eller som fôr for dyr og oppdrettsfisk. Før vi kan ta desse ressursane i bruk må vi vite kva dei inneheld av framandstoff.

Forskarane undersøkte difor den «nye» fisken for innhaldet av vanlege metall og miljøgifter som bly, dioksin og kadmium, og dei fann at det var lite av dei fleste miljøgiftene. Unnataket var innhaldet av kadmium i nordleg lysprikkfisk frå Norskehavet og av bly i ei samleprøve av liten laksetobis frå Norskehavet. I ei samleprøve har ein most saman fleire fisk til ei prøve, men dette funnet må følgjast opp sidan det berre var ei enkelt prøve.
 
Forskarane har også rekna på kva innhaldet av miljøgifter ville bli dersom ein laga fiskemjøl og fiskeolje av denne fisken. Dei organiske miljøgiftene er botne til oljen, så innhaldet av framandstoff i olje og mjøl vil difor bli eit anna enn i heil fisk. Dei fann at dei organiske miljøgiftene generelt var lave og under grenseverdi i oljen, med unnatak av dioksininnhaldet i nordleg lysprikkfisk, som låg nær opp mot grenseverdien. I fiskemjøl fann ein også lite metallgifter.

– Vi ser at det er eit godt potensial til å bruke desse artane i fiskefôr. Det står att å undersøkje mange andre artar og mange andre område. Dette er berre starten, seier Wiech.

Les den vitskaplege rapporten her

Fakta om mesopelagiske artar: 

  • Organismar som lever på djup mellom 200 og 1000 meter.
  • Det finnast meir enn 10 milliardar tonn mesopelagisk fisk i verdshava.
  • Det lever både fisk og store mengder kril, manet og blekksprut på desse djupa.