– Må tenkja førebygging og kvalitet

Ein er ikkje tent med ei næring der ein brukar fem milliardar kroner årleg på bekjemping av lakselus, seier fiskehelsebiolog Ingebjørg O. Sævareid.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sævareid fortel at ho er særs nøgd med at Tarald Sivertsen frå Sjømat Norge, tek til orde for at fiskehelsebiologar skal leggje premissar for vidare vekst i næringa.

Les også: Vil at fiskehelsebiologer skal legge premisser for videre vekst.

- For at næringa skal være berekraftig, må det tenkjast førebygging og kvalitet i alle ledd av produksjonen. Ein er ikkje tent med ei næring der ein brukar fem milliardar kroner årleg på bekjemping av lakselus, konstaterat fiskehelsebiologen.

Ho påpeikar at korkje omdømme, laksen eller bunnlinja blir betre av å basere lusestrategien på behandling av lakselus.

- Skal ein kome vidare, må næringa jobbe i retning av førebyggande løysingar, meiner ho.

Biologen viser til at Universitetet i Bergen nyleg har fått auka talet på studieplasser innan fiskehelse til 25 stykker.

- Dette syner at det er vilje til å satse på ei viktig utdanningsretning. Med fleire kloke fiskehelsehovud, vil næringa kunne gå mot ei meir framtidsretta og førebyggande produksjon. Og når det er sagt, skal ein ikkje gløyme alle dei dyktige veterinærane som også  jobbar for at laksen skal ha eit godt liv, legg ho til.