Nybygg 76 blir ferdig til til oktober 2021, og skal være 87,1 meter lang og 18 meter bred. Illustrasjonsfoto: Kongsberg.

Myklebust signerer brønnbåtkontrakt med Sølvtrans

Myklebust Verft i Sande har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi i Ålesund.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av samme design som Sølvtrans allerede har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4000 m3. Også dette skroget skal byggjast ved det tyrkiske verftet Hat-San.

Levering av det som blir bygg nr. 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021. 

Hoveddata:

  • Navn: «Ronja TBN» 
  • Verft: Myklebust Verft
  • Byggenummer: 76
  • Design: Kongsberg Maritime CM
  • Lengde: 87,1 meter
  • Bredde: 18 meter
  • Rederi: Sølvtrans AS
  • Motor: 3 x 1550 ekW Pon Cat 3512C, 2998 kW
  • Reduksjonsgir: 650GHC-V-SC500, Kongsberg Maritime CM
  • Steering gir: CM SR662 FCP, Kongsberg Maritime
  • Dekkran: PS Triplex KN - 30
  • Tunnel thruster: CM TT1650FP-630kW, Kongsberg Maritime 
  • Generator: Scania DI1375M, Nogva
  • Tonnasje: rundt 5 000 T

- Me er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans. Det gjev oss store mulegheiter til å, ilag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC FIRST PROCESS og Hareid Group, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

Han legg til at dei opplev eit positiv marknad for denne 4000-kubikk serien som dei har kontrahert hos Myklebust.

- Vi finn den kvaliteten vi jaktar på lokalt hos Myklebust.

Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valgt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design.

- Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden.