Gå til innhold
Mondag 15. juni tiltrer Jens Martin Gjærum (27) i stillinga som Hauge Aqua sin nye byggeoppfylgingsingeniør. Foto: Hauge Aqua.
Mondag 15. juni tiltrer Jens Martin Gjærum (27) i stillinga som Hauge Aqua sin nye byggeoppfylgingsingeniør. Foto: Hauge Aqua.

Mondag 15. juni tiltrer Jens Martin Gjærum (27) i stillinga som byggeoppfylgingsingeniør i Hauge Aqua.

- Jens er vår stødige representant som vil koma tett på produksjonen på fabrikken i Ølve. Før i tida blei ofte slike personar sett på som strenge og skumle. Vi ønskjer derimot at vår representant skal koma tett på produksjonsteamet, og jobbe godt saman for å oppnå eit felles mål, opplyser Cato Lyngøy i Hauge Aqua i ei pressemelding. 

Han beskriv Jens som praktisk og løysingsorientert, og ein god lagspelar.

​- Det blir viktig i dette prosjektet. Det er i alle si interesse at E2000 vært bygd som eit godt kvalitetsprodukt i samsvar med spesifikasjon og levert på tidsplan.

Nyleg leverte Jens, Henrik Høidal og Jonas Nygård ei bachelor-oppgåve der dei laga ein ny modell av Egget for Hauge Aqua.

- Eg gler meg veldig til å begynna. Eg er spent på korleis arbeidsdagane vil bli, og ser fram til å bevega meg vekk frå skulebenken og inn i arbeidslivet, fortel Jens.

Har du en sak du
vil tipse oss om?